Skriv ut Sideoversikt |  


Søk etter studium
Studietilbod 07-08
Biblioteket
Internasjonalisering
Studentsamskipnaden



 Kontakt
Høgskulen i Volda
Postboks 500,
6101 Volda

Telefon: 70 07 50 00
Telefaks: 70 07 50 51
Besøksadresse:
Joplassvegen 11, 6101 Volda

  Postmottak@hivolda.no
  Til kontaktsider
Om Høgskulen / Utval ved HVO /

Utval ved Høgskulen i Volda

Studieutvalet
Styret delegerer myndet sitt til godkjenning av etablering av emne og studium til og med 30 studiepoeng for utdanningar der det ikkje er nasjonale rammeplanar til studieutvalet. Styret godkjenner etableringa av emne og studium på meir enn 30 studiepoeng. Studieutvalet utgjer det sentrale styreoppnemnde studiekvalitetsutvalet ved HVO.

Studieutvalet handsamar dei årlege rapportane frå avdelingane og gir innstilling til styret om status og utvikling av kvalitetssikringsarbeidet ved HVO. Studieutvalet utarbeider den årlege rapporten om studiekvalitet ved HVO.

Forskingsutvalet
Forskingsutvalet er eit strategisk, samordnande og rådgjevande organ i FoU-saker ved HVO og MFV. Forskingsutvalet skal arbeide for at forskingsmiljøet i Volda leverer FoU-arbeid av høg kvalitet. Forskingsutvalet har ansvar for rettleiing og kvalitetssikring i samband med HVO og MFV si forskingsverksemd. Forskingsutvalet utarbeider ein årleg rapport om FoU-verksemda til styret.

Internasjonalt utval
Internasjonalt utval er eit strategisk, rådgjevande og samordnande organ for høgskulestyret i saker som vedkjem internasjonalt arbeid ved høgskulen. Internasjonalt utval skal rullere handlingsplanen for internasjonalisering og utarbeide årsmelding om internasjonalisering. Desse blir lagt fram for styret innan dei fristane styret fastset.

Studiestartutvalet
HVO har oppretta eit fast utval for studiestart. Dette utvalet har fått følgjande mandat og mål:
Lage og setje i verk ein kvalitetssikra plan for studiestart. Planen må byggje på erfaringane frå tidlegare semesterstartarbeid.

Læringsmiljøutvalet
HVO har oppretta eit læringsmiljøutval der studentane har halvparten av medlemmane. Mandatet for utvalet er gitt i ”Lov om universiteter og høgskoler”. Læringsmiljøutvalet utarbeider ein årleg rapport om læringsmiljøet til styret.



Skriv ut  Skriv ut


Søk etter tilsette
Søk etter studentar
Utvida søk

 Oppslagstavle
Seminarrekke om KULTURMØTE
7. og 16. november

31.10.2007

Historieseminar
11. - 13. november

31.10.2007

Ytringsfrihetsseminar torsdag 1. og fredag 2. november
28.10.2007

Kompetanseheving:
Naturfag med
mål og meining

31.10.2007

Barnehagekonferansen 2007
Molde 1. - 2. november

21.03.2007

Lyst å besøke oss?
07.06.2007


 Ledige stillingar


     Jobb ved Høgskulen i Volda?
     >>
www.hivolda.no/stilling

Oppdatert av Bente Gunn Lien 11.05.2006
Publisert med NetEd : Web publiseringsløsning