|
|

|
|
Høgskulen i Volda er med i Vestnorsk nettverk (VNN-FU), som i 2002 starta opp ei forskarutdanning med tilbod om kurs i vitskapsteori og metode m.m. Senter for vitskapsteori, Universitetet i Bergen, har det faglege og praktiske ansvaret for forskarutdanninga. Føremålet er å gi eit tilbod om forskarutdanning både til dei som vil kvalifisere seg for førstelektorkompetanse, og for dei som vil ta doktorgrad. |
Utlysingar for 2008
|
PhD-kurs i vitskapsteori og etikk Søknadsfrist 1. oktober 2007 |
Norsk utlysing
Engelsk utlysing
Studieplan |
|
Nytt ved dette opptaket er at kurset er reservert for kandidatar som er i eller har planar om PhD-løp.
Søknader skal sendast til avdelingsleiinga (dekan) innan 1. oktober 2007. Samla prioritert søkjarliste frå Volda-miljøet vert sendt til VNN-FU 15. oktober, og opptaket vert handsama på styremøtet i VNN-FU 20. november. |
PhD-utdanning i VNN-FU Søknadsfrist 1. oktober 2007 |
|
|
Dette passar best for deg som vil ta PhD-utdanning utan å vere stipendiat. HVO har laga interne retningslinjer for slike doktorgradsløp: sjå http://www.hivolda.no/index.php?ID=13847
Søknader skal sendast til avdelingsleiinga (dekan) innan 1. oktober 2007.
Ei førebels prioriteringsliste frå Volda-miljøet vert sendt til VNN-FU 15. oktober, deretter vert det sonderingar rundt rettleiarkapasitet i VNN før opptaket blir endeleg avgjort på styremøtet i VNN-FU 20. november. |
Kontaktperson: FoU-leiar Reidun Høydal, tlf. 70 07 52 09, rh@hivolda.no.
Publisering av vitskapsteoretiske essay Fleire HVO-tilsette har dei siste åra delteke på kurs i vitskapsteori. Eit vitskapsteoretisk essay utgjer det faglege tyngdepunket i eit slikt studium. Framlegginga går normalt føre seg på den høgskulen der deltakaren har arbeidsplass. Det blir oppnemnt ein særskild sakkunnig komité for kvart enkelt essay, og studiet blir godkjent når den sakkunnige komiteen har gitt si godkjenning av essayet.
Essaya er utgitt i Notatserien (Høgskulen i Volda og Møreforsking Volda):
2005
Øyvin Danielsen: Om øvingar i morsmålsfaget - og i hermeneutikken (pdf) Notat nr. 15/2005. Høgskulen i Volda. 31 s.
Pål Hamre: Tekst, tid og tolking. R94/L97 og L06 i hermeneutisk perspektiv. (pdf) Notat nr. 14/2005. Høgskulen i Volda. 30 s.
Roy-Asle Andreassen: Erfaringen i utvikling av skolen. Ulike muligheter i forskning på skole og utdanning med grunnlag i skolens egne erfaringer. (pdf) Notat nr. 4/2005. Høgskulen i Volda. 27 s.
2004
Marit Ulvund: Skuespillerens undertekst. Forholdet mellom tanke, kropp og følelser. (pdf) Notat nr. 10/2004. Høgskulen i Volda. 30 s.
Alf Roger Djupvik: Organisasjon og stigma. Vitskapsteoretisk essay. (pdf) Notat nr. 8/2004. Høgskulen i Volda. 33 s.
Bente Vatne: Lærande leik - berre eit lykketreff? Ein analyse av leik og lærarens rolle knytt til leik i Læreplanverket for den 10-årige grunnskulen. (pfd) Notat nr. 6/2004. Høgskulen i Volda. 33 s.
2003
Eldrid Digernes: Erfaringa sin plass i kunnskapsbegrepet. (pdf) Notat nr. 23/2003. Høgskulen i Volda. 25 s.
|