|
 |
Kontakt |
 |
|
|
|
|
KORTBIOGRAFI
Jon Hellesnes (f. 1939) er oppvaksen på Sandane og Voss.
Frå 1985 har han vore professor i filosofi ved Universitetet i Tromsø. I perioden 1973 - 1984 var han førsteamanuensis ved same institusjon.
Arbeidsfelta hans er filosofihistorie (antikken; Descartes), praktisk filosofi, samfunnsfilosofi og vitskapsteori. ("Praktisk filosofi" er ein tradisjonell samnemnar for etikk, normativ politisk teori og pedagogisk filosofi.)
Han har vore gjestegranskar og gjesteforelesar ved ei rad universitet i Tyskland, dessutan ved University of Virginia (USA).
Han er innvald som medlem av Det Norske Videnskaps-Akademi.
Den faglege forfattarskapen er mangslungen og inkluderer skrifter både på norsk og utanlandsk. Dei siste tyskspråklege artiklane er: "Bemerkungen Zum strukturellen Unterschied zwischen Wissenschaft ("science") und Philosophie, " i : H. Burckhart & H. Gronke (utg.), Philosophieren aus dem Diskurs. Beiträge zur Diskurspragmatik, Königshausen & Neumann, Würzburg 2002; "Illusion? Bemerkungen zum Thema," i W. Kellerwessel u. a. (utg.), Diskurs und Reflexion, Königshausen & Neumann, Würzburg 2005. Dei siste norskspråklege bøkene er: Descartes, Gyldendal, Oslo 1999; Maska bak andletet. Om veremåtar, ideologi og filosofisk antropologi, Det Norske Samlaget, Oslo 2002; Grunnane, U-forlaget, Oslo 2002; Illusjon? Det Norske Samlaget, Oslo 2004, nytt opplag 2005.
|