|
Praktisk-pedagogisk utdanning (PPU) gjer det mogleg for studentane å setje saman si eiga lærarutdanning. Studiet skal kvalifisere studentar som har fullført ulike fagstudium, for fast lærarverksemd. Denne lærerutdanninga byggjer på studium av universitets- og høgskulefag eller på ei yrkesutdanning kombinert med yrkesteori og praksis fra yrkeslivet.
Praktisk-pedagogisk utdanning er ei profesjonsutdanning som kvalifiserer for lærararbeid på mellom- og ungdomssteget i grunnskulen, for vidaregåande skule, i vaksenopplæringa og innanfor høgare utdanning. Det er viktig å vere merksam på at ein må velje undervisningsfag og fordjuping som er nemnde i læreplanen for det skuleslaget ein ønskjer å arbeide i.

Kort om programmet: Praktisk-pedagogisk utdanning skal knytte teori og praksis saman til eit heilskapeleg og integrert studium sikta inn mot framtidig yrke som lærar. Prinsippet om yrkesretting av utdanninga krev at det blir lagt til rette for studentaktive arbeidsformer, praksisbaserte oppgåver og vurderingsordningar som ein del av læreprosessen.
Kva lærer du: Gjennom utdanninga skal studentane utvikle kompetanse innanfor desse områda:
Fagleg kompetanse: Solid fagkunnskap, bygd på det vitskapelege eller yrkesfaglege basisfaget, og dugleik i arbeidsformene til faga er viktig for å kunne vurdere kva slags kunnskap som er viktig og relevant for elevane.
Didaktisk kompetanse: Studentane skal kunne planleggje, grunngi, gjennomføre og vurdere opplæring i samsvar med grunnleggjande prinsipp i lov- og regelverk og opplæringsplanar.
Sosial kompetanse: Studiet skal hjelpe studentane til å utvikle kunnskap om og evna til samhandling og kommunikasjon med elevar, kollegar, føresette og eksterne samarbeidspartnarar.
Yrkesetisk kompetanse: Lærarane er forplikta på dei overordna måla for opplæringa og på fellesverdiane i samfunnet slik dei er utforma i Opplæringslova og nasjonale planar for opplæring. Studentar skal utvikle eit medvite forhold til eigen profesjon. Som profesjonelle yrkesutøvarar må dei kunne grunngi sine val og handlingar overfor elevar, kollegar og andre.
Endring og utviklingskompetanse: Samfunnet er i stadig utvikling, og studentane skal lære å forstå pedagogisk utviklingsarbeid som ein del av skulen sine oppgåver. Gjennom studiet skal dei bli fortrulege med skulebasert vurdering og utviklingsarbeid, kollegabasert rettleiing og gjennom teori og praksis utvikle eit reflektert forhold til både eigen praksis og skulen sin pedagogiske praksis.
Kompetanseområda er knytt til læraren sine arbeidsoppgåver på tre ulikearenaer: - læringsarbeid i klasseromet / verkstaden - organisasjons-, leiings- og samarbeidsoppgåver i skulen som organisasjon - samspel mellom skule og samfunn
Opptak: Studieprogrammet byggjer på ei av følgjande type utdanningar:
- Fullført allmennfagleg universitets- eller høgskuleutdanning av minimum tre års omfang. Utdanningsinstitusjonen fastset krav til fordjuping i enkeltfag. - Fullført tre-årig profesjonsretta universitets- eller høgskuleutdanning og minimum to års yrkespraksis. - Fag-/sveinebrev eller anna fullført treårig yrkesutdanning på vidaregåande nivå, generell studiekompetanse, yrkesteoretisk utdanning og minimum to års yrkespraksis.
Utdanningsinstitusjonen avgjer eventuelle søknader på grunnlag av realkompetanse.
Oppbygging og gjennomføring: Utdanninga er samansett av følgjande delar: 30 stp Pedagogikk 30 stp Fag-/yrkesdidaktikk
12 veker rettleidd praksis ligg som ein integrert del av studiet. (Sjå studieplanen). Studentar med allmennfagleg bakgrunn skal ha praksis i både grunnskule og vidaregåande skule. Studentar med yrkesfagleg bakgrunn skal ha praksis i vidaregåande skule.
Studentar med allmennfagleg bakgrunn i to eller fleire fag skal gjennomføre to fagdidaktiske kurs (15 x 2 stp). Studentar med berre eitt allmennfag (hovudfag/master) skal gjennomføre eitt fagdidaktisk kurs i same fag med omfang 30 stp. Studentar med yrkesfagleg bakgrunn skal gjennomføre eitt kurs i yrkesdidaktikk med omfang 30 stp.
|