Omgjering etter eksamen

No kan du lese brev om omgjering av eksamen på Dine sider.

Kven får omgjering?

Mange elevar og studentar har no fått brev om omgjering av lån til stipend etter bestått eksamen. Ordninga gjeld bortebuarar i anna og høgare utdanning. Heimebuarar og elevar i vanleg vidaregåande opplæring får ikkje omgjering.

Omgjering etter bestått eksamen skjer semesteret etter at eksamen er bestått. I løpet av hausten sender lærestadene i Noreg inn eksamensresultat for vårsemesteret. Lånekassen utfører omgjeringa når dei fleste resultata er komne inn.

Tek du utdanning i utlandet, må du sjølv sende inn stadfesting på at du har bestått eksamen.

Les meir om omgjering etter eksamen.

Sjekk omgjeringa på Dine sider

På Dine sider får du oversikt over alle omgjeringane dine. I Din postkasse kan du lese omgjeringsbrevet. Vi sender deg melding på e-post eller SMS når brevet er lagt ut i postkassen.

Sånn får du tilgang til brevet

  • Logg inn på Dine sider med PIN-koden din.
    Har du gløymt koden, bestiller du ny på Dine sider.
  • Er det første gong du les brev i postkassa, må du gi samtykke til å motta brev elektronisk.

Les meir om Din postkasse.

Spar miljøet

Opnar du brev frå Lånekassen i Din postkasse innan ei veke frå du fekk meldinga på SMS eller e-post, slepp Lånekassen å sende deg brevet i vanleg post. Sånn hjelper du Lånekassen å spare miljøet for unødvendig papir.