Omgjering etter eksamen
Pengane du får frå Lånekassen blir først utbetalt som lån. Lånet blir gjort om til stipend etter at du har bestått eksamen. Dette gjeld ikkje hjeimebuarar, som ikkje har rett til stipend.
Hugs at dersom du har for mykje inntekt og/eller formue kan stipendet ditt bli gjort om til lån igjen.
Når skjer omgjeringa?
I løpet av somaren/hausten sender lærestadene inn eksamensresultata for vårsemesteret. Lånekassen samlar opp disse og gjer ei omgjering når dei fleste resultata er komne inn.
- Omgjering for våren skjer i løpet av september månad. Du får beskjed når omgjeringa er gjort
- Omgjering for hausten skjer i løpet av mars måned. Du får beskjed når omgjeringa er gjort
Lærestadene sender inn eksamensdata
Omgjering av lån til stipend skjer på bakgrunn av eksamensdata som lærestadene sender inn til Lånekassen.
Lånet blir gjort om til stipend for kvart studiepoeng/vekttall du består, eller når du fullfører utdanninga di. Når Lånekassen har fått eksamensdata frå lærestaden som viser kor mange studiepoeng/vekttall du har teke, får du eit brev som viser kor mye av lånet som er gjort om til stipend. Brevet kjem ca. fire måneder etter at semesteret er avslutta.
Dersom du tek om igjen ein eksamen
Dersom du tek opp ein eksamen som ikkje er bestått tidlegare, vil du få gjort om lån til stipend når lærestaden har sendt inn resultatet til Lånekassen. Dette gjeld eksamenar som er tekne frå og med hausten 2002.
Full omgjering får du om du består utdanninga du har fått støtte til å ta. Består du berre delar av utdanninga, vil du få delvis omgjering. Tek du færre studiepoeng enn du har fått støtte til, blir du registrert som forseinka. Les meir om studieprogresjon og forseinking.
Så mykje lån kan du få gjort om til stipend:
| |
Utbetalt stipend |
Lån som kan bli gjort om til stipend etter bestått eksamen |
| Hasten 2006 |
kr 0 |
kr 3256 per måned |
| Våren 2007 |
kr 0 |
kr 3256 per måned |
| Hausten 2007 |
kr 0 |
kr 3316 per måned |
| Våren 2008 |
kr 0 |
kr 3316 per måned |
Omgjeringsbeløp for tidlegare semester.
Omgjering når studiepoeng blir registrert ved avslutta utdanning
Tek du ei grad der studiepoeng først blir registrert ved avslutta utdanning, vil omgjeringa skje etter at Lånekassen har fått rapportert kor mange studiepoeng du har bestått. Det betyr at det kan gå fleire semester/undervisningsår før du får gjort om lån til stipend.
Omgjering når det er ujevn fordeling av studiepoeng per semester
Tek du ei 3-årig bachelorgrad, gir det deg 180 studiepoeng. Normalt er det 60 studiepoeng per år.
Einskilde grader og utdanningar er lagt opp slik at fordelinga av studiepoeng som takast kvart semester eller undervisningsår er ujevn. Tek du til dømes 45 studiepoeng det første året, kan du ta 65 studiepoeng andre året og 70 studiepoeng det tredje for å oppnå full studiebelastning i løpet av tre år.
Følgjer du eit slikt undervisningsopplegg, vil du ikkje få full omgjering det første året. Seinare i utdanninga, når du har tatt dei manglande studiepoenga, vil vi gjere om den delen av lånet du tidlegare ikkje har fått omgjort på grunn av dei manglande studiepoenga.
"Sparekonto" for ekstra studiepoeng
Består du meir enn det som er full studiebelastning, det vil seie meir enn 30 studiepoeng per semester, blir dei ekstra studiepoenga satt på ein "sparekonto". Du "sparea" dei til eit semester då du ikkje oppnår nok studiepoeng til å få full omgjering. Alternativt blir dei ekstra studiepoengene "tekne ut" for å gi deg meir omgjering for eit tidlegare semester (ikkje tidlegare enn hausten 2002) der du ikkje har fått maksimal omgjering fordi du ikkje hadde nok studiepoeng.
Full omgjering om du har vore sjuk eller fått barn
Har du vore sjuk og fått sjukestipend, eller fått barn og motteke fødselsstipend, kan du likevel få full omgjering for det aktuelle semesteret sjølv om du ikkje har bestått alle eksamenane.
Lærlingar utan lovfesta rett til utdanning
Er du lærling utan lovfesta rett til utdanning, blir lånet ditt gjort om til stipend når fagprøven er bestått og Lånekassen har fått melding frå fylket om det. Det kan gå to til tre månader frå du består fagprøven til lånet ditt blir gjort om til stipend.