Når kjem pengane?
Pengane blir satt inn på kontoen din kvar månad. Den første utbetalinga kvart semester er størst, slik at du har litt ekstra til bøker, materiell og liknande ved skolestart.
Dersom du tek fulltidsutdanning får du vanlegvis i overkant av 16 500 kroner ved semesterstart og etter det 6 500 kroner til kontoen din kvar månad.
Studerer du i utlandet set vi inn pengane når vi har fått gjeldsbrevet/stipendmeldinga i retur frå deg. Pengane blir overført ein gang per halvår
Skolepengar
Går du på ein privat skole og må betale skolepengar, blir også lån til skolepengar utbetalt ved semesterstart.
Kvar kjem gjeldsbrevet?
- Studentar ved universitet og høgskoler og lærlinger får gjeldsbrevet sendt hjem i posten. Dei som har søkt for både hausten 2006 og våren 2007, vil kun få eitt gjeldsbrev som gjeld for begge semestra.
- Studentar ved andre lærestader må hente gjeldsbrevet på lærestaden.
To måtar å få gjeldsbrevet
Studentar ved høgskoler og universitet i Noreg, lærlingar og studentar i utlandet får valet mellom to ulike måter å få pengane på. Studenaer og elevar ved andre lærestader kan kun få papirgjeldsbrev.
1. Elektronisk gjeldsbrev
Gjeldsbrevet/stipendmeldinga blir tilgjengelig for deg på nettet og du må signere det ved hjelp av eit Buypass-smartkort og ein kortlesar. Brukar du den elektroniske løysinga, får du pengane dine raskare. Les meir om den elektroniske utbetalingsordningen.
2. Papirgjeldsbrev
Du får gjeldsbrevet/stipendmeldinga sendt til den folkeregistrerte bustadsadressa eller til postadressa di. Postadressa di bruker vi berre når du sjølv har lagt ho inn på Dine sider. Du må signere gjeldsbrevet/ stipendmeldinga og returnere det til Lånekassen.
Papirgjeldsbrev - steg for steg
- Lånekassen sender deg gjeldsbrevet heim i posten eller til lærestaden
- Du signerer og returnerer det til Lånekassen. Du må sende orginalt gjeldsbrev, ikke faks eller kopi
- Lånekassen kontrollerer opptak og kontonummer. Obs! Semesteravgifta må også vere betalt
- Vi set pengane inn på kontoen din
Har du fått nytt kontonummer?
Du må huske å melde fra om endring av kontonummer til Lånekassen. No kan du velje mellom eigne kontonummer på Dine sider.
Dersom du ønskjer eit anna kontonummer enn det du finn der, må du bruke blankett K til å endre kontonummer. Du må då ha stadfesting frå banken din om at du eig kontoen.
Meld fra om endringar!
Gi beskjed til Lånekassen om du sluttar i utdanninga eller det oppstår andre forhold som gjer at du ikkje lenger skal ha pengar til kontoen din.