Elektronisk signatur
Med e-signering kan du søkje om stipend og lån, skrive under på gjeldsbrevet og få pengane inn på konto utan å vere i nærleiken av eit einaste papirark. E-signering er enkelt og miljøvennlig og du får pengane dine raskare.
E-signering er eit tilbod frå Lånekassen til alle studentar i høgare utdanning. I staden for å motta gjeldsbrevet i posten får du det elektronisk over Internett. E-signering er like trygt som det vanlege gjeldsbrevet, det er enkelt, og du får pengane dine raskare. For å nytte e-signering, treng du berre
Du må sjølv bestille smartkortet. Her kan du sjå ei liste over kva for smartkort du kan bruke. Smartkort kostar fra kr 60,-, dersom du bestiller Norsk Tipping sitt kort over Internett.
Merk!
Smartkortet er eit identitetskort. Oppbevar aldri koden saman med kortet!
E-signering og studiar i utlandet
E-signering er særleg gunstig for deg som studerer i utlandet. Du treng ikkje vente på at gjeldsbrevet skal snegle seg gjennom det internasjonale postvesenet – du signerer gjeldsbrevet på nettet og så set vi pengene inn på kontoen din. Det er heller ingen fare for at det elektroniske gjeldsbrevet forsvinner i postgangen.
Du kan få tilsendt smartkort og kortlesar til dei aller fleste studieland. Dersom ditt studieland ikke står på lista, kan du ta kontakt med kortutstedar om dette.
Ps. skal du heim til jul, kan du få tilsendt kortet til adressa di i Noreg.
Her er lista over kort du kan bruke.
Ordninga steg for steg
-
-
Vi sender deg e-post eller SMS om at gjeldsbrevet er klart.
-
Du signerer gjeldsbrevet elektronisk
-
Vi kontrollerer opptak
-
Vi set pengane inn på kontoen din.
Førebels vedtak
Mange får gjeldsbrevet før vi veit om dei har opptak og rett til å gå opp til eksamen i det aktuelle semesteret. Du vil ikkje få pengane dine før vi har kontrollert at du har opptak og eksamensrett. I tillegg sjekkar vi med Skatteetaten og du eig den kontoen du har opplyst.
Vilkår for elektronisk signering
For å velje denne løysinga må du ha norsk personnummer. Nokre dagar etter at du har bestilt smartkortet, får du ein pakke som du må hente på Posten.
Denne pakken inneheld:
-
smartkort
-
smartkortlesar-CD med nødvendig programvare. Du må ha Windows 98 eller nyare programvare for å få installert programvara
-
ei brukarrettleiing
-
i tillegg får du eit eige brev med ein PIN-kode. Den treng du for å kunne ta i bruk smartkortet
Kvifor så mykje ekstrautstyr?
Lånekassen set svært strenge krav til sikkerheita og for at vi skal vere heilt sikre på at det er du som har signert, blir det brukt eit sikringsnivå som heiter PKI. Buypass-korta har det