Elektronisk signatur - steg for steg

Går du på universitet og høgskole eller er over 18 år og tar utdanning i utlandet? Då kan du velje å få gjeldsbrevet elektronisk.

For å velje denne ordninga treng du eit buypass-smartkort, ein kortlesar og ein PC med tilgang til internett.

 

Her er lista over kort du kan bruke

 

Lånekassen legg ut gjeldsbrev i Altinn

Du vil få ein SMS eller ein e-post når gjeldsbrevet ditt er klart for signering.For å signere elektronisk må du derfor gi oss mobiltelefonnummeret ditt eller e-postadressa di. Gjeldsbrevet finn du på www.altinn.no, eller du kan følgje denne lenkja 

 

Ordninga steg for steg

  1. Vi legg ut gjeldsbrevet på www.altinn.no (du kan følgje denne lenkja).
  2. Vi sender deg e-post eller SMS om at gjeldsbrevet er klart.
  3. Du signerer gjeldsbrevet elektronisk
  4. Vi kontrollerer opptak
  5. Vi set pengane inn på kontoen din.

 

Førebels vedtak

Mange får gjeldsbrevet før vi veit om dei har opptak og rett til å gå opp til eksamen i det aktuelle semesteret. Du vil ikkje få pengane dine før vi har kontrollert at du har opptak og eksamensrett. I tillegg sjekkar vi med Skatteetaten og du eig den kontoen du har opplyst.

Vilkår for elektronisk signering

For å velje denne løysinga må du ha norsk personnummer. Nokre dagar etter at du har bestilt smartkortet, får du ein pakke som du må hente på Posten.

 

Denne pakken inneheld:

  • smartkort
  • smartkortlesar-CD med nødvendig programvare. Du må ha Windows 98 eller nyare programvare for å få installert programvara
  • ei brukarrettleiing
  • i tillegg får du eit eige brev med ein PIN-kode. Den treng du for å kunne ta i bruk smartkortet

Kvifor så mykje ekstrautstyr?

Lånekassen set svært strenge krav til sikkerheita og for at vi skal vere heilt sikre på at det er du som har signert, blir det brukt eit sikringsnivå som heiter PKI. Buypass-korta har det

 

Les meir om PKI og sikker signatur i den elektroniske ordninga.