Sikker elektronisk signatur

Ein elektronisk signatur er like forpliktande som ein handskriven signatur.

Elektronisk signatur er eit samlenamn for ulike måtar å signere utan penn og papir på. Elektronisk signatur kan vere alt frå ei skanna handskrift til ein digital signatur som bruker PKI. Det er denne digitale signaturen du bruker dersom du vel å signere elektronisk for studielånet.

 

Kva er PKI?

PKI står for ”public key infrastructure” og er eit system for sikker identifisering og signering innanfor elektronisk kommunikasjon. PKI kan ha signaturar på fleire sikringsnivå. Lånekassen skal bruke PKI med det høgaste sikringsnivået som finst i dag for signering av gjeldsbrev.

 

Med PKI kan vi

  • vite kven avsendaren er
  • sikre dokumentet slik at alle former for forsøk på endringar blir oppdaga (integritet)
  • forvrenge innhaldet
  • knyte innhaldet til avsendaren, slik at ho/han ikkje kan nekte for å stå bak signeringa

Smartkort med kvalifisert sertfikat

Kvalifisert sertifikat er noko som er lagt inn i databrikka på eit smartkort. Det er ei form for sikker legitimasjon.  Avsendaren (studenten) og mottakaren (Lånekassen/Altinn) har kvar sin ”nøkkel” som dei bruker til å låse opp skjerma (kryptert) informasjon, og for å identifisere den som har signert.