Logg inn i Altinn

Her finn du lenkja til det elektroniske gjeldsbrevet ditt. Det ligg i Altinn.

Logg inn til e-gjeldsbrevet

 

Har du fått SMS eller e-post om at e-gjeldsbrevet ditt er klart for signering? Slik går du fram:

  • Du må ha installert programvaren som følgjer med kortlesaren
  • Ha smartkortet i kortlesaren og PIN-koden til smartkortet klar
  • Logg deg inn for å komme til Altinn. Følg lenkja nedanfor
  • I Altinn må du registrere deg som ny brukar før du finner sjølve e-gjeldsbrevet
  • Dersom du har problem med å finne e-gjeldsbrevet, ligg det under kategorien "hovedside" i Altinn
  • I e-gjeldsbrevet går du fram ved å trykkje på "neste", og til slutt signerer du ved å taste PIN-koden ein gang til. Smartkortet skal stå i kortlesaren heile tida
  • Dersom du lurer på om du har signert, kan du sjå dette ved å gå inn i det som heiter "arkiv". E-gjeldsbrevet blir borte frå hovedsida og legg seg i "arkiv" når du signerer
  • Dersom du ønskjer å skrive ut e-gjeldsbrevet, kan du åpne det frå arkivet i pdf-format og skrive det ut

Logg inn til Altinn. Her finn du det elektroniske gjeldsbrevet.

Hvis du ikkje har signert innan fristen, sender vi eit papirgjeldsbrev til deg i posten.