Utbetaling

Lån og stipend frå Lånekassen blir utbetalt månadleg, med eit større beløp ved første utbetalingen kvart semester.

Lånekassen overfører pengar til kontoen din når vi

  • har mottatt signert utbetalingspapir/gjeldsbrev frå deg
  • har eit gyldig kontonummer å betale ut støtten til
  • har fått bekrefta opptak ved lærestaden 

For ein student som har søkt om fullt lån og stipend til fulltidsutdanning (30 studiepoeng per semester) vil utbetalingane være som i oversikten under. Dersom søknaden blir behandla seint i semesteret, blir den første utbetalinga større.

Utbetaling:

Støtta blir betalt ut med 25 prosent av pengane i begynnelsen av semesteret, resten blir fordelt og kjem inn på kontoen ein gong i månaden, normalt den 15. i kvar månad.

Hausten 2007

 
August 16 578
September 6 218
Oktober 6 218
November 6 218
Desember 6 218

Våren 2008

 
Januar 16 578
Februar 6 218
Mars 6 218
April 6 218
Mai 6 218

Sum

82 900

Heile støtta blir betalt ut som lån.

Noko av lånet ditt kan bli gjort om til stipend når eksamen er bestått. Stipendet kan bli gjort til lån igjen dersom inntekta eller formuen er for høg.

Får du tildelt lån til skolepengar, reisestipend eller forsørgjarstipend, kjem det i tillegg til beløpa i tabellen over. 

Følg behandlingen av søknaden din på Dine sider. Der kan du for eksempel sjå om vi har mottatt melding om opptak ved lærestaden, og om vi har eit gyldig kontonummer.

Tips! Du kan lage din eigen PIN-kode til Dine sider. Registrerer eller bekrefter du mobilnummeret ditt på Dine sider kan du også få koden tilsendt på SMS dersom du skulle gløyme koden neste gong du brukar Dine sider.