Kor mange år med støtte
Du kan få støtte i opptil åtte år til saman til høgare og anna utdanning utover vanleg videregåande opplæring.
Skal du ta ei P.hd utdanning i utlandet, vil du frå og med hausten 2006 kunne få støtte i opptil ti år til saman etter reglane for støtte for høgare utdanning.
Du kan ikkje få støtte i meir enn åtte år sjølv om du skulle bli forseinka. Det kan gjerast unntak dersom du er forseinka på grunn av sykdom, funksjonshemming eller fødsel/adopsjon.
Eit år med støtte til deltidsutdanning tel som eit år med støtte til fulltidsutdanning.
Eksempel
| Du har tatt |
Antall år |
| Folkehøgskole |
1 år |
| Psykologi grunnfag (ikkje bestått = forseinka) |
1 år |
| Fysioterapi |
3 år |
| Sum |
5 år |
| Du planlegg å ta |
|
| Medisinutdanning |
6 år |
| Totalt antall år med utdanning |
11 år |
| Maksimalt antall år med støtte frå Lånekassen |
8 år |
| Antall år du må finansiere sjølv |
3 år |