Kor mykje kan du få

Alle studentar i fulltidsutdanning kan få 8 290 kroner i månaden. Bortebuarar kan få både stipend og lån, mens heimebuarar får alt som lån. Bruk støttekalkulatoren til å rekn ut kor mykje du kan få.

Utdanningsstipend og lån (basisstøtte)

Heimebuarar - maksimalt beløp
Utdanningsstipend kr 0
Lån kr 8 290 per md
Samla utdanningsstøtte kr 8 290 per md

Bortebuarar - maksimalt beløp
Utdanningsstipend (etter bestått eksamen) kr 3 316 per md
Lån kr 4 974 per md
Samla utdanningsstøtte kr 8 290 per md

Studieåret er vanlegvis på ti månader.

I tillegg kan du få reisestipend, forsørgjarstipend og ekstra lån til skolepengar.

Lånet er rentefritt mens du er i utdanning

Det blir ikkje rekna renter av lånet så lenge du er i fulltidsutdanning og får pengar frå Lånekassen til utdanninga.

Fullt stipend når eksamen er bestått

Utdanningsstipendet er på 40 prosent av basisstøtta og blir utbetalt som lån. Etter eksamen blir beløpet gjort om til stipend, forutsatt at du består eksamen i fag som tilsvarar full studiebelastning og at du ikkje bur saman med foreldrene dine. Les meir om omgjering etter eksamen.

Obs! Stipendet blir behovsprøvd mot inntekta og formuen din når likninga er klar. Alle blir kontrollert. Les meir om inntekt og formue.

Bortebuar eller heimebuar
Du får utdanningsstipend når du har flytta frå foreldrene dine. Bur du i det same huset som foreldrene dine, får du stipend berre dersom huset er delt inn i fleire enn fire forskjellige og klart skilte einingar. Det er ikkje nok at du bur i eigen bueining i foreldra dine sitt hus eller betaler husleige heime. Heile støtta blir då utbetalt som lån og lånet blir ikkje gjord om til stipend ved fullført utdanning.

Flytter du frå eller til foreldrene dine i løpet av søknadsperioden, må du sende melding til Lånekassen derr du oppgir flyttedato. Det er ikkje nok å melde flytting på Dine sider. Flyttar du for deg sjølv, ber vi deg sende inn kopi av leiekontrakta.