Reisestipend
Er du 25 år eller yngre (født i 1982 eller seinare) og må flytte heimefrå for å ta utdanning, kan du få reisestipend.
Reisestipend blir rekna mellom heimstaden din i Noreg (folkeregistrert adresse) og lærestaden. Reisestipendet er eit tilskot til to tur-retur-reiser i løpet av studieåret. Ein eigendel på 2 010 kroner blir trekt frå. Maksimalt reisestipend er 7 000 kroner for eit heilt studieår.
Er du over 25 år (født i 1982 eller før), får du reisestipend berre om du studerer i land utanfor Norden.
Reisestipendet blir automatisk beregna når du søkjer om stipend eller lån.
For utanlandske kvotestudentar gjeld eigne reglar for reisestipend.