Sommerstøtte
Følgjer du eit undervisningsopplegg med sommerterminar eller tek du forkurs til ingeniørutdanninga, kan du søkje om støtte for sommeren.
Søknadsfristar sommeren 2007
Tek du kurs som går sommeren 2007, må søknaden vere kommen inn til Lånekassen før kurset er avslutta. Du må sende inn søknadsblankett B for 2006-2007.
Du kan få blanketten ved å ringe Lånekassen på telefon 04545 eller ved å bestille den via e-post til Lånekassen.
Så mykje kan du få
Studentar som tek sommerkurs får den same støtta som andre til kurs i høgare og anna utdanning, altså 8 290 kroner per månad. Du kan ikkje få støtte til meir enn to månader til sommerkurs.
I tillegg kan du få 3 640 kroner ekstra per måned som lån.
Spesielt om feltarbeid om sommeren
For at du skal kunne få støtte til feltarbeid om sommeren, må det vere nødvendig at arbeidet skjer om sommeren. Du må leggje ved dokumentasjon frå veileder om at det er nødvendig at det skjer om sommeren.