Forsørgjarstipend

Bur du saman med barn født i 1992 eller seinare som du forsørgjer, kan du få forsørgjerstipend.

Forsørgjerstipendet er opptil 1 320 kroner per månad for kvart av dei to første barna, og opptil 850 kroner per månad for kvart barn fleire enn to. Bruk støttekalkulatoren til å rekn ut kor mykje du kan få.

Du må ha minst 40 prosent samvær med barnet for å få forsørgjerstipend.

Slik søkjer du

Legg ved fødselsattest for barnet/barna første gang du søkjer om stipend og lån. Det er ingen eigen søknadsblankett for forsørgjerstipend.

Behovsprøving mot inntekten til ektefelle, sambuar eller partner

Er du gift, sambuar med felles barn eller registrert partner, vil forsørgjerstipendet vere avhengig av kor stor inntekt ektefellen/sambueren/partneren din har. Forsørgjerstipendet blir redusert med 60 prosent av det han/ho har over 22 250 kroner i bruttoinntekt per månad. Dette gjeld sjølv om ektefellen/ sambueren/partneren din er i ei utdanning vi kan gi støtte til.

Behovsprøving mot inntekta og formuen din

Forsørgjerstipendet blir behovsprøvd mot inntekta og formuen din når likninga er klar. Alle blir kontrollert. Les meir under inntekt og formue.

Eksempel på forsørgerstipend

Tabellen under viser nokre eksempel på kor mykje du kan få i forsørgjerstipend.

 

Forsørgjerstipend per månad

Ektefellens månadsinntekt

1 barn

2 barn

3 barn

under kr 22 250 kr 1 320 kr  2 640 kr 3 490
kr 25 000 kr        0 kr    990 kr 1 840 
kr 28 000 eller meir kr        0 kr        0 kr        0