Har du ikkje fått forsørgjarstipend eller reisestipend?

Då kan du lese om årsaka til det i vedtaksbrevet ditt. Vedtaksbrevet får du saman med gjeldsbrevet/stipendmeldinga du får til signering.

Forsørgjarstipend

Forsørgjarstipend er et stipend elever og studentar som har barn dei bur saman med, kan få i tillegg til vanlig stipend og lån. I fødselsstipendperioden inngår forsørgjarstipendet i den summen du får som fødselsstipend. Forsørgjarstipendet er på 1 3 20 kroner per månad for kvart av dei to første barna, og 850 kroner for kvart av dei neste. Stipendet blir behovsprøvd mot inntekta til eventuell ektefelle/sambuar. Er bruttoinntekta hans/hennar over 22 250 kroner per månad, blir stipendet redusert eller fell bort.

Ektefelle/samboers inntekt må dokumenteras

Forsørgerstipendet blir tildelt først når inntekta til ein eventuell ektefelle/sambuar er dokumentert for søknadsperioden. Dersom denne dokumentasjonen ikkje blei sendt inn samen med søknaden om støtte, vil du kunne få tildelt vanleg støtte utan forsørgjarstipend med melding om at du må sende inn dokumentasjon på inntekt. Dette gjeld også sjølv om du kanskje sendte inn dokumentasjon i slutten av sist semester. Du må då sende inn oppdatert dokumentasjon på inntekt (for eksempel kopi av siste lønnsslipp).

Les meir om forsørgjarstipend

Reisestipend

Reisestipendet blir automatisk beregna når du søkjer om stipend eller lån. Har du ikkje fått tildelt reisestipend? Les informasjonen på svarbrevet du får samen med stipendmeldingen/gjeldsbrevet.

Vanleg vidaregående opplæring

Hvis du bur borte når du går på skulen, kan du få reisestipend til tre tur-retur-reiser per skuleår. Reisestipendet blir rekna ut frå avstanden mellom foreldreheimen din i Noreg og skulen din. Det er ei eigendel på 970 kroner per skueår. Stipendet blir ikkje påverka av inntekta og formuen til forsørgjarane dine.

Les meir om reisestipend. 

Høgare utdanning

Er du 25 år eller yngre (født i 1982 eller seinare) og har flytta heimefrå for å ta utdanning, kan du få reisestipend. Reisestipend blir rekna mellom heimstaden din i Noreg (folkeregistrert adresse) og lærestaden. Reisestipendet er eit tilskot til to tur-retur-reiser i løpet av studieåret. Ei eigendel på 2 010 kroner blir trekt frå. Maksimalt reisestipend er 7 000 kroner for eit heilt studieår.

Les meir om reisestipend