Inntekt og formue
Stipendet du får utbetalt, er ikkje endeleg fastsett når du får pengane, eller når eksamen er bestått. Alle blir automatisk kontrollerte når likninga er ferdig, det vil seie eitt til to år etter at du fekk pengane.
Informasjonen på denne sida gjeld for alle unnateke dei som er i vanleg videragåande opplæring.
Med personinntekt meiner vi brutto inntekt, som fastsetjast av skatteetaten. Trygd går òg inn i personinntekta. Les meir om kva for trygdeytingar det gjeld
Personinntekt er summen av:
- all skattepliktig brutto arbeidsinntekt
- alle skattbare trygde- og pensjonsytingar
For å behalde maksimalt stipend må du ikkje ha personinntekt over desse grensene:
| År |
Ved støtte heile kalenderåret |
Ved støtte i sju månader eller mindre per kalenderår* |
| 2004 |
kr 104 500 |
kr 261 250 |
| 2005 |
kr 108 680 |
kr 271 700 |
| 2006 |
kr 113 027 |
kr 282 568 |
| 2007 |
kr 116 983 |
kr 292 458 |
| *Auka inntektsgrense gjeld dersom du følgjer eit utdanningsopplegg som varer sju månader eller mindre i løpet av eit kalenderår, og du berre får støtte til dette opplegget. |
Utdanningsstipendet og forsørgjarstipendet blir redusert med fem prosent per månad av det beløpet som er over grensene.
Tek du deltidsutdanning, gjeld dei same inntektsgrensene som for fulltidsutdanning. Du vil likevel få ein mindre reduksjon av stipendet, alt etter kor mange prosent deltid du tek. Studerer du for eksempel 50 prosent deltid, får du berre halvparten av trekket som ein fulltidsstudent ville fått.
Vi ser bort fra eventuelle bidrag som du eller barna dine mottek.
Lånekassen ser bort fra kapitalinntekter, som til dømes:
- renter av bankinnskot
- inntekt ved utleige av fast eigendom utanom næring
- aksjeutbytte, skattepliktig gevinst ved salg av aksjer og verdipapirfond
- inntekt frå utlandet
Er du sjølvstendig næringsdrivande, blir personinntekta fastsatt etter eigne reglar. Det er skattemyndigheitene som forvaltar reglane og som fastset personinntekta til sjølvstendig næringsdrivande. Les meir på www.skatteetaten.no.
For å behalde maksimalt stipend må du ikkje ha nettoformue over desse grensene:
| År |
For einsleg søkjar |
Samla for søkjar og ektefelle/ sambuer med felles barn |
| 2004 |
kr 206 910 |
kr 397 100 |
| 2005 |
kr 215 000 |
kr 413 000 |
| 2006 |
kr 223 600 |
kr 429 520 |
| 2007 |
kr 231 426 |
kr 444 553 |
Har du formue som er større enn frigrensene i tabellen over, blir stipendet ditt redusert. Er du einsleg, blir stipendet redusert med to prosent per månad av den delen av formuen som er over frigrensene. Er du gift, registrert partner eller sambuer med felles barn, blir stipendet redusert med ein prosent per månad av den delen av formuen som er over frigrensene.
Kva skjer dersom du går over frigrensene?
Stipendet ditt blir redusert med fem prosent per måned av den inntekta som er over fribeløpet. Av den delen av formuen som er over fribeløpet, blir stipendet redusert med éin eller to prosent per måned. Fribeløpa finn du lenger opp på sida.
Det du har fått for mykje i stipend, blir gjort om til lån, men vi krever ikkje at du skal betale det tilbake før du skal begynne vanleg tilbakebetaling av studielånet. Utdanningsstipendet blir redusert først, og så eventuelle forsørgjarstipend.
Det er likningsopplysningane for den perioden du har fått støtte som gjeld. Opplysningane blir overført frå skatteetaten.
Eksempel - personinntekt: Dersom du tener 150 000 kroner i 2006, og har fått støtte i ti månader, blir ca. 18 500 kroner av stipendet ditt gjort om til lån (fribeløpet er på 113 027 kroner).
Eksempel - formue: Dersom du er einsleg og har formue på 250 000 kroner i 2006, vil du få stipendet redusert med 528 kroner per måned (2 prosent per måned av formue over fribeløpet på 223 600 kroner). For eit vanleg skoleår på 10 månader blir stipendet redusert med 5 280 kroner.
Eksempel - trygd: Dersom du får 80 000 kroner i trygd i 2006, blir ca. 10 000 kroner av stipendet ditt gjort om til lån (fribeløpet er 60 476 kroner).
Slik foregår utregninga
(Inntekt over fribeløp x 5%) x antall månader med støtte = omgjeringsbeløp
Dersom du er i deltidsutdanning, blir det teke hensyn til det. Ved 50 % studiebelastning blir beregninga slik:
(Inntekt over fribeløp x 5 %)x antall månader med støtte x 0.5 = omgjeringsbeløp