Ligningskontroll - inntekt og formue i 2005

Stipendet behovsprøvast mot inntekt og formue. Lånekassen har no fått opplysningar om inntekta og formuen til alle som mottok stipend i 2005.

Likningskontrollen viser at nærare 38 000 studentar har hatt høgare inntekt og/eller formue enn fribeløpa i 2005. Desse får delar av eller heile stipendet gjort om til lån.

Stipendet du får utbetalt er ikkje endeleg fastsatt når du får pengane eller når du står på eksamen. Alle blir automatisk kontrollerte når likninga er ferdig, det vil seie eitt til to år etter at du fekk pengane.

Det finnes ulike fribeløp for personinntekt, nokre trygdeytingar og for formue. Les meir om likningskontrollen for

  • Inntekt og formue
  • Trygd
  • Kva skjer dersom du går over frigrensene?

    Det du har fått for mykje i stipend, blir gjort om til lån, men du treng ikkje betale det tilbake før du skal begynne vanleg tilbakebetaling av studielånet. Utdanningsstipendet blir redusert først, deretter eit eventuelt forsørgerstipend.

    Det er likningsopplysningene for den perioden du har fått støtte som gjeld. Opplysningane blir overført frå skatteetaten.