Fekk du ikkje betalt?

Betalingsfristen var 15. august og rekninga ligg kanskje framleis ubetalt. Kva gjer du?

Purring

Dersom du ikkje har betalt, vil du få eit 2. gangsvarsel (purring). Der vil det vere lagt til eit gebyr på kr 280. Handlar du ikkje raskt, kan du dra på deg ytterlegare gebyr.

Har du ikkje moglegheit til å betale?

Eller har du ikkje pengar nok til heile summen? Då kan du søkje om betalingsutsetjing, og det bør du gjere snarast råd. Du kan få betalingsutsetjing med heile terminbeløpet inntil tolv ganger eller halve terminen inntil 24 ganger i løpet av nedbetalingstida. Du trengjer ikkje å oppgje noko grunn eller sende inn dokumentasjon. Ver klar over at ei betalingsutsetjing kostar pengar ettersom gjelda aukar og nedbetalingstida blir forlengd. Les meir om betalingsutsetjing.

Lånekassen kan slette renter

Er du sjuk, arbeidslaus, i utdanning, eller av andre grunnar har lite å betale med, kan du sleppe renter og få avdraget utsett. Les meir om rentefritak.

Slik søkjer du:

  1. Dersom du ønskjer å utsetje heile beløpet, kan du søkje via Internett . Søk om betalingsutsetjing via Dine sider.
  2. Hvis du skal søkje halv utsetjing og eventuelt rentefritak, kan du søkje via blankett I.  Skriv ut søknadsblankett for utsetjing og rentefritak og send inn blanketten snarast mogeleg. Du kan og søkje via Dine sider om å få heile beløpet utsett, og så betale halve beløpet likevel.

Spar pengar med eFaktura

Kundar som vel eFaktura frå Lånekassen slepp å betale varslingsgebyret på
35 kroner. I tillegg til å spare pengar, sparer du miljøet. Les meir om korleis du får eFaktura.

 Gebyr

Dersom du ikkje betalte rekninga frå Lånekassen innan fristen, får du andregongsvarsel med eit gebyr på 280 kroner. Dersom du ikkje betaler denne gongen, får du ei ny rekning med eit gebyr på 490 kroner.