Norsk Polarinstitutt | Ansatte | Ledige stillinger | Offentlig journal | Kontakt | English           



Miljøstatus

Følg Antarktistraversen på nettsidene våre
I november startar Antarktistraversen, eit norskamerikansk forskingsprosjekt som skal undersøkja det austlege Antarktis og ikkje minst korleis forholda i dette området påverkar klimaendringane. På nettsidene våre kan du i tida framover følgja med på nyhende frå denne traversen.

Resultat frå ekspedisjonen kan vera med på å gje svar på eitt av dei store klimaspørsmåla: Kva skjer med ismassane i Antarktis?

Den norske delen av ekspedisjonen blir leia av direktør Jan-Gunnar Winther ved Norsk Polarinstitutt. Saman med ti kvinner og menn legg han ut på ein 3000 km lang ekspedisjon til delar av Antarktis som ingen tidlegare har utforska.

Ein viktig del av ekspedisjonen vert å formidla kva forskarane arbeider med undervegs. Teamet vil ha kontakt med omverda via satellitt. Ei rekkje amerikanske og norske skuleelevar skal følgja traversen dagleg via Internett.

Det kan også du gjera denne sida, som vert oppdatert dagleg: http://traverse.npolar.no/

Les nyhende om traversen:
"Polferd skal gi klimainnsikt" - Aftenposten 23.10/07

Publisert: 26.10.2007 , skrevet av: Jenssen, Elin Vinje


 



Norsk Polarinstitutt i media

Norsk Polarinstitutt
Polarmiljøsenteret
9296 Tromsø
Tlf. 77 75 05 00 | Faks 77 75 05 01 | Ansvarlig redaktør: Gunn Sissel Jaklin | Redaktør: Inger Lise Næss