Det fysiske miljøet
Antarktis er det kaldaste,
mest forblåste og tørraste kontinentet på jorda. Nær 99% av kontinentet
er dekt av ei iskappe med ei gjennomsnitthøgd over havet på om lag 2500
meter. Kontinentet har eit areal på ca. 14 millioner kvadratkilometer, eit område
som vert utvida til det dobbelte om vinteren når havisen strekkjer seg
innpå 1000 km ut frå kysten.
Hovuddelen
av Antarktis-kontinentet ligg sør for 70°S, sjølv om den antarktiske halvøya
strekkjer seg nordover til ca. 60°S. Omkring kontinentet ligg Sørishavet, eit
havområde som isolerer Antarktis frå dei øvrige kontinenta.
Vêr
og klima
Temperaturen
i Antarktis er generelt svært låg. Fleire faktorar medverker til dette, mellom
anna den lave solinnstrålinga om vinteren, evnen isen har til å reflektere
solstrålinga, kjøle-effekten av langbølgestråling frå kontinentet og høgda til
kontinentet over havet. Gjennomsnittstemperaturen varierer frå om lag -60°C i
de høgtliggande områda (-70°C om vinteren og -40°C om sommaren) til ca. -10°C i
kystområda (-25°C om vinteren og -2°C om sommaren).  | Ekstremt miljø i fint vær I 1983 vart det målt
-89.6°C ved den sovjetiske stasjonen Vostok i Vest-Antarktis. Dette er den
lågaste temperaturen som er registrert nokon stad på jorda.
Det
meste av nedbøren i Antarktis kjem i samband med dei sykliske stormane som er
karakteristiske for kystområda om vinteren. I desse områda er det vanleg med
600-1500 mm snø i løpet av eit år, medan det sjeldan kjem meir enn 50 mm på
innlandsisen.
Tyngdekrafta
gjer at kald, tung luft som ligg over kontinentet strøymer ut mot kysten. Dei
vindane som oppstår på grunn av dette, kan ha ei fart på opp mot 90 m/s (320
km/t), medan farta til vinden på Sydpolen sjeldan blir større enn 9 m/s (30
km/t).
Terrestriske
omgivnader
Antarktis
har ein særs spennande geologi, sjå emne til høgre. For 200 millionar år sidan
var Antarktis ein del av superkontinentet Gondwanaland, som i tillegg til det
noverande Antarktis inkluderte Afrika, Australia, New Zealand, India og
Sør-Amerika. Indre spenninger gjorde at Gondwanaland delte seg, og landmassane
kom i drift. Antarktis fekk si noverande form og plassering for ca. 30
millioner år sidan. Fossiler av bregner, ferskvannsfisk, amfibier og krypdyr
syner at Antarktis ikkje alltid har vore dekt av is.
I
dag er nær 99% av Antarktis dekt av ei permanent iskappe som i gjennomsnitt er
ca. 2000 m tjukk. (Den største istjukkleiken som er målt er ca. 4700 meter.)
Fleire stader stikk fjelltoppar (nunatakar) opp gjennom isen. Vinson-massivet i
Vest-Antarktis, med sine 5140 m.o.h., er det høgste fjellet i Antarktis. I
tillegg til nunatakane finst det større isfrie område, såkalla oasar, som har
oppstått der isen har trekt seg attende, og der smeltinga skjer raskare enn
akkumuleringa av snø. Andre område, såkalla tørre dalar, er isfrie fordi det fell
ekstremt lite nedbør der.
Isdekket
er i konstant rørsle frå dei sentrale delene av kontinentet og utover mot
kysten. Der isdekket flyt ut over havet danner den sokalla isbremmen seg.
Når
isbremmen brekker vert det danna massive isfjell som kan ha eit flatemål på opp
mot 5000 km2. I enkelte områder vert ismassane frå det indre av kontinentet
kanaliserte gjennom store dalsystem, og det vert danna hurtigstrømmande
isbreeer. Den største isbreen i verda, Lambert-breen, ligg i Aust-Antarktis.
Når desse breane kalver ute ved kysten vert det danna mindre, irregulært forma
isfjell.
Isdekket
i Antarktis utgjer ca. 91% av den totale ismengden i verda, og ca. 86% av alt
ferskvatnet er bunde opp i form av is i Antarktis. Dersom all isen her skulle
smelte, ville vassnivået i verdshava stige med meir enn 60 meter!
Marine
omgivnader
 | Lance i blest Den
antarktiske konvergensen (lokalisert ved ca. 58°S) og divergensen (lokalisert
ved ca. 65°S) er dei to mest iaugefallande fysiske særtrekka ved havområda som
omgir kontinentet. Mellom konvergensen og divergensen strøymer vatnet austover,
medan ein motstrøm vestover vert driven av austlege vindar sør for divergensen.
Den
antarktiske konvergensen er eit frontsystem der kaldt overflatevatn frå
Sørishavet møter og søkkjer under det varmare og dermed lettare vatnet frå dei
sørlege delane av Atlanterhavet, Stillehavet og det Indiske havet. I denne
frontsona har ein målt variasjonar i overflatevatnet sin temperatur på 3°C over
ei strekning på berre 30 km. Den eksakte posisjonen til frontsonen varierer
både gjennom året og frå år til år.
Havis
vert danna når vatn ned til ei djupn på 10-40 meter vert kjølt ned mot -1.9°C
(eksakt temperatur vert bestemt av saltinnhaldet). Isdanninga skjer i fleire
trinn frå utviklinga av enkelte iskrystallar via sørpe til isflak. Havisdekket
varierer gjennom året, frå eit minimum på ca 4 millioner km2 om sommaren (i
hovedsak i Weddell-havet, Bellinghausen-havet og Amundsen-havet) til eit
maksimum på ca. 20 millioner km2 om vinteren.
Det
biologiske miljøet
På
land
Vegetasjonen
på det Antarktiske kontinentet består i hovudsak av algar, lav og mose. Rundt
300 alge-artar er observert, ca. 20 av desse lever på eller i is og snø. Andre
alge-artar trivst best i område som vert gjødsla av pingvinar og andre sjøfugl.
I tillegg til algar er det registrert om lag 200 lav-artar, 85 mose-artar og 25
levermose-artar i Antarktis. To artar av blomstrande planter (Deschampsia
antarctica og Colobanthus quitensis) er registrerte lengst nord på kontinentet.
Den
antarktiske mikrofaunaen består i hovudsak av protozoar (eincella organismer),
nematoder, hjuldyr og bjørnedyr (Tardigradia), og mellom mikro-leddyra midd,
colemboler og lopper.
Med
unnatak av sjøfuglane som hekker langs kysten eller i nunatak-område, finst det
ingen virveldyr på kontinentet.
I
havet
Om
lag 100 alge-artar (inkludert dei som lever i/på havisen) utgjer hovuddelen av
planteplanktonet i havet rundt Antarktis-kontinentet. Saman med algane er
flagellatane ein viktig del av næringsgrunnlaget i det marine økosystemet.
Dyreplanktonet
vert dominert av krepsdyr som copepodar, amfipodar og euphasia-artar som krill.
Krill er ein nøkkelkomponent i det Antarktiske marine økosystemet - særleg
viktig er arten Euphausia superba som er hovudnæringskjelda for fleire arter
høgare i økosystemet. Andre viktige byttedyr er pilormar (Chaetognata), manetar
(Scyphozoa, Siphonophorida), ribbe-manetar (Ctenophora), snigler og salper
(Thaliacea). Bunnfaunaen består i hovudsak av svampar (Porifera) og mosdyr
(Bryozoa).
Sørishavet
er òg rikt på blekksprut (Cephalopoda) som er ein viktig del av dietten for
mange av dei større pattedyrartane og sjøfuglane. Vidare er det registrert om
lag 200 fiskeartar sør for den antarktiske konvergensen, 80-100 av desse er
botnfisk. Mange av artane, særleg dei som lever nær kysten er særeigne for
Antarktis. 75% av artane er medlemmer i fem familiar som høyrer til i ordenen
Notothenidae, men det finnest og skater (Batoidei), ålebrosme (Zoarchidae) og
ringbuk (Liparidae).
 | Weddelsel Ein
stor andel av alle selane i verda lever i havområda rundt Antarktis. Bestanden
av krabbeetersel åleine utgjer ca. halvparten av den samla selbestanden i
verda. Til saman seks selartar finnest sør for den antarktiske konvergensen:
antarktisk pelssel (Arctocephalus gazella), krabbeetersel (Lobodon
carcinophagus), Weddell-sel (Leptonychotes weddelli), leopardsel (Hydrurga
leptonyx), sørlig elefantsel (Mirounga leonina) og Ross-sel (Ommatophoca
rossi).
I
sommarsesongen finst det både tannkvalar og bardekvalar i det antarktiske
marine miljøet. Tannkvalane spermkval (Physeter macrocephalus) og spekkhuggar
(Orcinus orca) jaktar på større byttedyr som fisk, blekksprut og mindre
pattedyr. Bardekvalane finnkval (Balaenoptera physalis), vågekval (Balaenoptera
acutorostrata) og knølkval (Megaptera novaeangliae) beiter hovudsakeleg på
dyreplankton som dei fangar ved å filtrere vatn gjennom bardane.
 | Adeliepingvin Alle
dei ca. 45 fugleartane som har vorte observert hekkande sør for konvergensen er
knytte til det marine økosystemet. Berre eit par av artane hekker på sjølve
kontinentet (Antarktis-halvøya halde utanfor); keiserpingvin (Aptenodytes
forsteri), Adeliepingvin (Pygoscelis adeliae), Gentoopingvin (Pygoscelis
papua), snø-petrell (Pagodroma nivea), antarktis-petrell (Thalassoica
antarctica) og sørlig polar-jo (Catharacta maccormicki). Pingvinane utgjer 85%
av biomassen til sjøfuglane i Antarktis, og Adeliepingvinen åleine utgjer
halvparten av alle pingvinane.
|