|
Den norske feltstasjonen Troll blei bygd under den norske Antarktis-ekspedisjonen 1989-90. Han ligg 1270 m.o.h.
i posisjonen 72° 01' S, 2° 32' A i Jutulsessen, 235 km frå kysten. Han er
lokalisert i eit område som er sentralt for norske forskingsinteresser i Antarktis.
I juni 2003 vedtok Miljøverndepartementet ved minister Børge Brende at
Troll-stasjonen skulle byggjast ut og bli bemanna heile
året. Heilårsstasjonen blei opna i februar 2005 av H.M. Dronning Sonja.
Stasjonen kan huse åtte personar i den antarktiske vinteren, og mange
fleire om sommaren.
Troll er blitt ein meteorologisk stasjon, ein strålingsstasjon for
måling av UV-stråling m.m., og ein feltstasjon for glasiologiske,
biologiske og fysiske feltprogram.
Sjå denne lenken for ei ekstern nettside om Troll:
www.hustadnes.net
|