Norsk Polarinstitutt | Ansatte | Ledige stillinger | Offentlig journal | Kontakt | English           



Miljøstatus
Dronning Maud Land
Dronning Maud Land vart annektert av Noreg 14. januar 1939. Det omfattar området mellom 20° V og 45° A. Dronning Maud Land utgjer ein sjettedel av Antarktiskontinentet, og det er nesten sju gonger større enn Noreg. Området grenser mot britisk sektor i vest og mot australsk sektor i aust. Grensene mot sør og i havet utanfor kontinentet er ikkje definerte. Området har fått namnet sitt etter dronning Maud av Noreg (1869 - 1938).

Norsk Polarinstitutt vedlikeholder Troll Airfield på isen i Dronning Maud Land
Føremålet med den norske annekteringa av Dronning Maud Land var ikkje å ekskludere andre statar, men å hindre at norsk kvalfangstindustri vart utelukka eller forfordelt som ei følgje av aktiviteten til andre statar. Dei fleste statar Noreg hadde diplomatiske samband med på det tidspunktet vart umiddelbart orienterte om annekteringa, og opplysingane vart tekne til orientering av dei fleste av dei. England godkjende norsk suverenitet over området, medan andre statar, inkludert USA og Sovjet-Unionen, uttrykte reservasjonar. Tyskland avviste det norske kravet.

Det norske kravet om suverenitet over området vart sett fram i ein periode då fleire andre land òg annekterte område i Antarktis. Storbritannia var det første landet som sette fram krav (i 1908), og landet presenterte seinere nye krav på vegner av New Zealand (i 1923) og Australia (i 1933). Storbritannia sitt eksempel vart følgt av Frankrike i 1924, av Chile i 1940 og av Argentina i 1942.

Fysisk er det liten skilnad mellom Dronning Maud Land og dei tilstøtande områda i Antarktis. Store deler er dekt av is som strekkjer seg ut i havet og dannar ein nesten samanhengande 30 meter høg vegg. Ilandsetting frå skip er berre mogleg på eit fåtall stader. Eitt til to hundre kilometer inne frå iskanten stikk ei fjellkjede opp gjennom den 2000 meter tjukke iskappa. Tross den store avstanden til havet ligg det fleire fuglefjell i desse områda. Den antatt største sjøfuglkolonien i heile Antarktis ligg i Dronning Maud Land, nærare bestemt i Svarthamaren i Mühlig-Hoffmanfjella. I denne kolonien, nesten 200 km fra kysten, finn ein nesten ein million Antarktis-petrellar.


 

Ligger i

Aktuelt område for

Har stasjonene

Omtalt i



Norsk Polarinstitutt i media

Norsk Polarinstitutt
Polarmiljøsenteret
9296 Tromsø
Tlf. 77 75 05 00 | Faks 77 75 05 01 | Ansvarlig redaktør: Gunn Sissel Jaklin | Redaktør: Inger Lise Næss