 | Peter I. øy I 1928
utrusta reiaren Lars Christensen den andre Norvegia-ekspedisjonen,
ein ekspedisjon som hadde fullmakt til å annektere alt nytt land som vart oppdaget
for kongeriket Noreg. Peter I Øy vart annektert av ekspedisjonen 2. februar
1929, og vart formelt erklært som norsk bi-land i 1931.
Peter
I Øy ligg 450 kilometer frå vestkysten av Antarktiskontinentet, i posisjon 68°
50' S, 90° 35' V. Øya er av vulkansk opphav med eit areal på 156
km2, og ho er nesten fullstendig dekt av is. Lars Christensen-toppen
(1640 m.o.h.) er det høgste punktet på øya. Kystlinja er fullstendig dominert
av ein 40 meter høg isfront eller av bratte klipper som stuper ned i havet,
noko som gjer ilandstigning særs vanskeleg. I praksis er det mogleg å lande
med båt berre på tre stader. Klimaet er strengt med sterke vindar, lave temperaturar
og snø. Store deler av året ligg det tjukk pakk-is rundt øya.
 | Leopardsel Vegetasjonen
består nesten utelukkande av mose- og lav-artar som har tilpassa seg dei ekstreme
klimatiske forholda. Nokre sjøfuglarter, særleg sør-havhest, hekkar eit par
stader på øya, og ein liten pingvinkoloni er òg observert. Store mengder sel
(særleg krabbeetersel og leopardsel) finst både på land og i havområda rundt
øya.
|