Norsk Polarinstitutt | Ansatte | Ledige stillinger | Offentlig journal | Kontakt | English           



Miljøstatus
Bouvetøya

Ettersom Antarktis er definert som området sør for 60° S, er Bouvetøya (54° 25' S, 3° 21' A) ikkje eigentleg ein del av Antarktis. Øya er av vulkansk opphav, i og med at ho er toppen av ein vulkan som stikk opp av Sørishavet nær enden av den midt-atlantiske ryggen. Ho vart oppdaga av franskmannen Jean-Baptiste Lozier Bouvet så tidleg som i 1739, men det gjekk mange år før ho vart gjenfunnen. Bouvetøya har eit areal på berre 49 km2, og er nesten heilt dekt av is. Bratte klipper på alle sider av øya gjer det ekstremt vanskeleg å gå i land. Olavstoppen (780 m.o.h.) er det høgste punktet på øya.


Bouvetøya har eit maritimt antarktisk klima, med ein gjennomsnittstemperatur på -1°C, og ho er til vanleg innhylla i skyer eller tjukk tåke. Ved eit lykketreff opplevde ein norsk ekspedisjon i 1985 heilt skyfrie tilhøve så lenge at dei fekk fotografert heile øya med sikte på seinare kartproduksjon.

Det siste vulkanutbrotet på Bouvetøya skjedde for lenge sidan, men utslepp av vulkanske gassar har vorte registrert i nyare tid òg. I 1978 vart det målt ein temperatur på 25°C 30 cm nede i bakken. Mose og lav er dei vegetasjonstypene som dominerer på Bouvetøya.

Dyrelivet på øya er dominert av sel, pingvinar og andre sjøfugl som hekkar i koloniar. Fangst av pelssel vart forbode på Bouvetøya i 1929, og i 1935 vart alle sel-artane i området erklært freda. Bouvetøya og havområda rundt øya fekk status som naturreservat i 1971, noko som sikra fullt vern av det rike og særmerkte plante- og dyrelivet på øya.

 

Pelssel på Bouvetøya

I samband med ein forskingsekspedisjon i 1979 vart det sett opp tre hytter på øya. Desse hyttene har seinare gått tapt, men ei ny bygning (ein containar utstyrt som forskingsstasjon) vart sett opp i 1997, og ho kan nyttast av forskarar som vitjer øya.



 

Ligger i

Aktuelt område for



Norsk Polarinstitutt i media

Norsk Polarinstitutt
Polarmiljøsenteret
9296 Tromsø
Tlf. 77 75 05 00 | Faks 77 75 05 01 | Ansvarlig redaktør: Gunn Sissel Jaklin | Redaktør: Inger Lise Næss