Til forside

Produktregisteret


Til toppen av siden

Vedlegg 2 Forenkla deklarering

Retningslinjar for forenkla deklarering av tilnærmet like produkt i store produktseriar.

Produktregisteret kan gi løyve til at tilnærma like produkt innan same produktserie, som oppfyller krava nedanfor, kan deklarerast gjennom eit redusert tal på deklarasjonar (såkalla forenkla deklarering). Dette gjeld særleg for målingar og lakkar, men kan også gjelde andre produkttypar.

Desse retningslinjene ligg til grunn når ein vurderer å godta forenkla deklarering:

  • Talet på produkt innan kvar enkelt produksjonsserie må vere høgare enn 5.
  • Produkta må ha same helse-, brann- og eksplosjonsfaremerking, inkludert R/S-setningane og YL-gruppe, og skal ha eintydig felles hovudnamn som går fram av fareetiketten.
  • Produkta må høyre til same produkttype.

Framgangsmåte/reglar ved forenkla deklarering

Dersom produkta som ein ønskjer å deklarere, oppfyller krava som er gitt over, skal ein sende fullstendig utfylt deklarasjon til Produktregisteret.

Deklarasjonen skal innehalde slik tilleggsinformasjon:

  • Talet på produkt som blir omfatta av deklarasjonen, skal førast opp etter produktnamnet i felt 1 på deklarasjonsskjemaet.
  • Alle dei ulike stoffa som inngår i produktserien skal førast opp, og med dei mengdene som faktisk kan inngå (frå minimumsmengd til maksimumsmengd for dei enkelte komponentane). For dei stoffa som medverkar til klassifiseringa til produktet kan ikkje nedre grense settast til ”0” (null) om dette har påverknad for klassifiseringa til produktet.
     

Plikter for deklaranten:

Produsent/omsettar er pliktig til å fylle ut nye nøyaktige deklarasjonar for dei enkelte produkta, dersom det oppstår behov for å få vite nøyaktig samansetning.

Ved endringar i samansetninga som føyrer til at eit eller flere av produkta som blir omfatta av den forenkla deklarasjonen ikkje lenger oppfyller krava til forenkla deklarasjon, må det sendast inn separate deklarasjonar for desse.

Endring i talet på produkt som er deklarerte ved ein deklarasjon skal meldast til Produktregisteret ved den årlege oppdateringa. Ved andre endringar i deklarasjonen, sjå kap 3.8.

  • Tips en venn
  • Få nyheter fra SFT på e-post
Til toppen av siden

Til toppen av siden