Retningslinjer for korleis ein oppgir vernebehovet for informasjon i Produktregisteret

Ein føresetnad for innsamling av produktopplysningar er sikker behandling av innsendt informasjon. Fram til no er dette gjort ved at samansetjingsopplysningane automatisk blir graderte som strengt fortrulege. Dette prinsippet er ikkje i samsvar med lover og forskrifter. Produktregisteret vil derfor frå 1. januar 2008 endre retningslinjene slik at deklaranten skal oppgi årsakene til vernebehovet.

Hovudendringa for dykk som sender informasjon til Produktregisteret, blir at de skal peike på kva for informasjon som er sensitiv for firmaet, og grunngi kvifor denne informasjonen ikkje kan offentleggjerast. Dvs. at tryggleiksprinsippet blir endra frå å verne alt til å verne det som er verneverdig. Det er Produktregisteret som graderer opplysningane ut frå informasjon frå firmaet. Dersom Produktregisteret har behov for nærmare forklaring på eventuelle vernebehov, vil den innsende informasjonen bli verna i samsvar med tidlegare praksis til det ligg føre ei avklaring.

Endringa skal innførast i to steg. Steg ein blir innført 1. januar 2008, mens dato for innføring av steg to enno ikkje er fastsett.

  1. Steg ein gjeld for nye deklarasjonar, for deklarasjonar som ikkje er tilfredsstillande deklarerte pr. 1. januar 2008, og for deklarasjonar som blir oppdaterte med nye samansetjingsopplysningar etter 1. januar 2008. Vi gjer spesielt merksame på at for produkt på årsoppdateringsliste A, B og D, som er tilfredsstillande deklarerte, vil det ikkje bli krav om å oppgi vernebehovet med mindre samansetjinga er endra og det blir sendt inn nye opplysningar. Produkt som blir oppførde på liste C, må deklarerast i samsvar med dei nye retningslinjene.
  2. Steg to gjeld for deklarasjonar som alt er tilfredsstillande deklarerte, og som ikkje har endringar i samansetjingsopplysningane. Desse opplysningane vil bli verna i samsvar med den praksisen som var gjeldande fram til 1. januar 2008.

Kravet om å oppgi vernebehovet gjeld for alle som sender produktopplysningar til Produktregisteret, også produsentar og råvareleverandørar.

Deklarasjonsskjemaet er oppdatert i samsvar med dei nye retningslinjene. Endringane på skjemaet utgjer nye rubrikkar i samansetjingsfeltet (felt 10) og felt 13. Det er også gjort endringar i skjemaet for deklarering av råvarer. Reviderte skjema ligg på www.sft.no/produktregisteret, eller du kan få dei tilsende ved å ta kontakt med oss. For dei som nyttar elektronisk deklarering, er denne endringa alt lagt inn i systemet. Vi gjer merksame på at vi før innføringa av steg 2, vil sjå om det er mogleg å gjere oppdateringa av vernebehovet på komponentnivå i eDeklarasjon enklare.

Vi gjer merksame på at retningslinjene for behandling av innsynskrav etter Miljøinformasjonslova ikkje blir endra.

Vi viser til lov om offentlegheit i forvaltninga (offentlegheitslova) §5a og instruks for behandling av dokument som treng vern av andre grunnar enn dei som er nemnde i tryggleikslova med føreskrifter (verneinstruksen) §§3 og 4 for definisjonane på dei tre vernenivåa. Vi gjer merksame på at det ikkje skal nyttast strengare vernenivå enn nødvendig.

Nedanfor følgjer ei rettleiing for korleis ein oppgir vernebehovet.

Rettleiing for korleis ein oppgir vernebehovet til opplysningane på deklarasjonsskjemaet

Forklaring til kolonnane i rettleiinga

Felt Tilsvarer felta på deklarasjonsskjemaet
Grunnar dersom det føreligg eit
vernebehov

Her blir det gitt eksempel på grunnar som kan nyttast dersom det føreligg eit vernebehov. Eventuelle andre grunnar skal forklarast.

  • ”Konkurransesensitivt” vil bli forstått slik at informasjonen skal vernast som unnateken frå offentlegheit.
  • ”Spesialprodukt” vil bli forstått slik at dette produktet blir produsert/importert til eit fåtal kundar, slik at informasjonen på HMSdatabladet ikkje er å rekne som offentleg informasjon.
  • ”Produktløyndom” vil bli forstått slik at dersom informasjon om denne
    komponenten ikkje blir verna, vil det kunne skade bedrifta.

Eksempel på ikkje akseptert grunngjeving for ønske om vern av informasjon er ”Ikkje av interesse for publikum” og ”Stoffet treng ikkje å stå på HMS-databladet”. Normalt vernenivå dersom det føreligg eit vernebehov

Normalt vernenivå dersom det
føreligg eit vernebehov
Her ser ein det vernenivået som normalt blir gitt dersom det føreligg eit vernebehov. Ruter merka med * vil seie at dette vernenivået kan vurderast, men det er nødvendig
med meir utfyllande grunngjeving enn det som er oppgitt i kolonnen for ”Grunnar dersom det føreligg eit vernebehov”.


Rettleiing for korleis ein oppgir vernebehovet
Grunnar som kan godtakast for dei ulike felta på deklarasjonsskjemaet, og det vernenivået som dersom det føreligg eit vernebehov.

For felta 1-9, 11 og 12 oppgir ein vernenivået i felt 13 på deklarasjonsskjemaet. Normalt vil opplysningane 3, 8, 9 og 11 vere offentleg informasjon.

For felt 10 grunngir ein vernebehovet i tabell 10.1. Normalt vil samansetjingsinformasjon i HMS-offentleg informasjon.

Ved elektronisk deklarering oppgir ein vernebehovet i dei enkelte felta.
Det er rom for vurderingar i kvart enkelt tilfelle, denne lista er berre meint som rettleiing.

Felt

Grunnar dersom det føreligg eit
vernebehov. Grunngjeving er nødvendig dersom informasjonen ikkje er offentleg.

Normalt vernenivå dersom det føreligg eit
vernebehov

* Vernenivå kan vurderast.



Unnateke frå offentlegheitFortrulegStrengt fortruleg
Felt 1,
Handelsnamn
  • Produktet er deklarert av produsent med eige registreringsnummer i
    Produktregisteret.
  • Produktet blir berre brukt som råvare
    eiga bedrift.
  • Produktet er spesialtilpassa kunde.

OK.
Produkt der
handelsnamn er unnatekne frå offentlegheit vil ikkje vere registrerte på www.pib.no

  
Felt 2,
Produktmerking
Sjå felt 1Sjå felt 1  
Felt 3,
Deklarasjonsansvarleg firma
Sjå felt 1Sjå felt 1  
Felt 4, MengdeKonkurransesensitivtOK**
Felt 5, ProdusentKonkurransesensitivtOK* 
Felt 6, EtikettansvarlegSjå felt 1Sjå felt 1  
Felt 7, 1. ledds omsetjar i Noreg (tidl. Kunde)KonkurransesensitivtOK  
Felt 8, NACE-kodeKonkurransesensitivt

Det må presiserast både for kode og %-fordeling dersom det er fleire koder

OK  
Felt 9, UCN-kodeKonkurransesensitivt

Det må presiserast både for kode og %- fordeling dersom det er fleire koder

OK  
Felt 10, Samansetjing
Enkelt komponentar (både som stoff og samansett råvare)

Spesialprodukt (Det må presiserast både for identifikasjonsnummer og vekt%)

OK* 
Konkurransesensitivt
(Det må presiserast både for identifikasjonsnummer og vekt%)
OK  
Produktløyndom
(Det må presiserast både for identifikasjonsnummer og vekt%)
 OK*
Felt 10, Fullstendige sammensetjingssopplysningar

Produktløyndom

  • Dersom dei samla
    samansetjingsopplysningane skal graderast strengare enn dei enkelte komponentane, er det nødvendig med nærmare grunngjeving.
 OK*
Felt 11, fysikalske dataKonkurransesensitivtOK