|
Støtte til internasjonale symposium 2007
Med atterhald om universitetstyret sitt vedtak i sak om budsjettfordeling i desember, vil det bli gitt støtte til arrangement av internasjonale symposium også i 2007.
Søknaden skal sendast direkte til eiga eining (fakultet, senter) innan fredag 15. desember.
For å få støtte, er det krav om at fakultet/institutt/senter set av minst halvparten av den summen det vert søkt om frå posten Internasjonale symposia. Det er vidare krav om at
- universitetet er arrangør/medarrangør,
- deltakarane betalar eigendel/deltakaravgift
- symposiet vert arrangert i Tromsøområdet.
I vurderinga vil det bli lagt vekt på prioriteringa frå fakultet/senter der det er meir enn ein søknad frå same eining.
I søknaden ynskjer vi budsjett for inntekter og utgifter der det og går fram om er søkt om og eventuelt motteke ekstern finansiering. Vidare må det vera med opplysningar om:
- kor mange deltakarar symposiet er planlagt for, og kva land de reknar med vil bli representerte
- når og kvar skal det haldast
- det er eit årvisst arrangement
- program
- kor aktuelt temaet er
- deltaking på symposiet vil kunna godskrivast i opplæringsdelen i aktuelle doktorgradsutdanningar
I tildelinga vil det bli lagt særleg vekt på det siste strekpunktet.
Søknadene blir behandla i løpet av januar 2007.
Spørsmål Spørsmål om saksbehandling kan rettast til olaug.husabo@adm.uit.no.
|