Forskningsseksjonen 
Startsiden

Forsknings- og studieavdelinga
  
 
forskningsseksj.
Forskningstrategi
Fakultetskontakter
Utvalg
Forskningsdok.
  
Forskn. finansering
Ekstern finansering
Intern finansering
Int. FOU-midler
Utenlandsstipend
Overgangsstipend
Forskningstermin
Int. symposier
Driftsmidler
  
Forskerutdanning
Mobilitet
 
Forskningspriser
Ærsdoktorer
forskningsetikk
Seminarer/møter
Kommersialisering
 
[ Logg inn ]
set width of left cell in netscape 4
Startsiden › studieavdelinga › studieavdelinga › forsknavd › fa › intern_finansiering › overgangsstipend
Printer friendly

Overgangsstipend hausten 2006

        English version of this page

Vi lyser med dette ut midlar til overgangsstipend for hausten 2006.

Overgangsstipendet blir tildelt av universitetet sentralt og blir utbetalt via det fakultetet der søkjaren høyrer heime. Eit av siktemåla med stipendet er å syte for at det er eit tilbod om finansiering for kandidatar som vil søke/vente på avklaring om doktorgrads-/postdoktorstipend. Stipendet skal dekkje løn for ein periode på 3-5 månader. Det er to kategoriar av søkjarar som kan vere kvalifiserte til overgangsstipend:

1. Postdoktorkategorien

Først og fremst er ordninga mynta på dugande forskarar som nett (det vil seie haust 2005/vår 2006) har disputert eller levert inn avhandlinga ved UiTø. I tillegg må søkjarar i postdoktorkategorien sende inn
  • Ei tilråding frå rettleiar/fagmiljø som grunngir støtte til søkjaren ut frå kvalifikasjonar, fagprofil, og planar på fakulteta. Den som skriv tilrådinga skal senda den på e-post til Frode.Nilsen@adm.uit.no

2. Doktorgradskategorien

Søkjarar som er i ein overgangsfase mellom nett avlagt hovudfags- eller mastergradseksamen ved UiTø (avlagt eksamen våren 2006) og oppstart av doktorgradsutdanning kan søkje.

I tillegg til elektronisk søknadsskjema må søkjarar i doktorgradskategorien sende inn:
  • Utskrift av karakterar frå andre universitet enn UiTø. (Karakterar frå UiTø har vi alt lagra i vårt datasystem.)
  • Ei tilråding frå rettleiar/fagmiljø som grunngir støtte til søkjaren ut frå kvalifikasjonar, fagprofil og planar på fakulteta. Den som skriv tilrådinga skal senda den på e-post til Frode.Nilsen@adm.uit.no

Kriterium

Alle søkjarane blir vurderte i høve til desse kriteria, felles for begge kategoriar:
  • satsingsområda til Universitetet i Tromsø
    (les meir om satsingsområda.)
  • sårbare fag - fag med rekrutteringsproblem - kjønn
  • tidlegare fordeling mellom fakulteta
  • tilråding frå rettleiar/fagmiljø

Særleg for postdoktorkategorien:
  • tilråding frå fagmiljø vil vere avgjerande
  • at søkjarane har fullført doktorgradsutdanninga på fastsett tid
Særleg for dr.gradskategorien:
  • karakterar, både frå hovudfag/master og lågare grad vil vere avgjerande


Send søknad

Opprett søknad ved å klikke på knapp nedenfor: Frist for å registrere søknader var 16. juni 2006.

Søknadsskjemaet vert sendt Forsknings- og studieavdelinga når du trykkjer på knappen "Lagre" på nettsida med skjemaet.

Spørsmål om utfylling kan rettast til Frode.Nilsen@adm.uit.no eller Sølvi.Anderssen@adm.uit.no


Universitetet i Tromsø, 9037 Tromsø, tlf. 77 64 40 00
Oppdatert av Frode Nilsen den 19.06.2006 09:01
Ansvarlig redaktør: forskn. / studiedir. Ingrid Bergslid Salvesen


Read this page in: Bokmål | English

set width of main cell in netscape 4

Alle UiTø-sider
Avansert søk

Sider:
Viser 1 av 1
Overgangsstipend hausten 2006
set width of right cell in netscape 4