Search Tavla Humanities Law Science Medicine Fishery Sciences Social Sciences Centres TMU Library Administration
set width of left cell in netscape 4
Startsiden
Tromsøflaket
Nyheter
Debattforum
Rektors spalte
Arkiv
Kontakt oss!
Aktuelt
Nytt fra enhetene
Universitetstavla
Hva skjer?
Intern informasjon
Pressemeldinger
Andre medier
UiTø i media
Smånytt
set width of left cell in netscape 4
Startpage › nyheter › pressemeldinger › 904 › 1642
Printer friendly

Svaler som gjer nye somrar. Kreative kvinnepraksisar i provençalsk og nordnorsk landbruk

Avhandlinga til Anniken Førde frå Universitetet i Tromsø handlar om det dramaet som går føre seg i dagens landbruk. Med utgangspunkt i provençalsk og nordnorsk landbruk, har Førde sett på kva som står fram som ønskelege og mulige strategiar for stadig meir pressa gardbrukar.


 


Anniken Førde
Anniken Førde
Anniken Førde har 11. juni forsvart avhandlinga ”Svaler som gjer nye somrar. Kreative kvinnepraksisar i provençalsk og nordnorsk landbruk” for doktor polit-graden ved Universitetet i Tromsø.

Avhandlinga tar et oppgjør med mange av dei rådande oppfattingane som går ut på at landbruket homogeniserast, at det blir større og færre bruk, spesialisert produksjon, at familieliv og gardsdrift splittast opp og at kvinnene er på tur ut av landbruket. I staden viser Førde at kvinnene speler sentrale roller både for vedlikehald og fornying i landbruket gjennom eit mangfald av kreative praksisar. Intensjonen med arbeidet er å avdekke nye handlingsrom for kvinner i landbruket gjennom å opne fastlåste idear i landbruksmiljø, politikk, forvalting og forsking.

Avhandlinga plasserer seg inn i ein høgaktuell debatt om korleis landbruket skal bli betre rusta til å møte samfunnsendringar. ”Frankrike føre” er blitt eit slagord i norsk landbrukspolitikk. Det er eit definert mål at norsk landbruk skal bli meir likt det franske, med auka verdiskaping gjennom større produktmangfald. Norske gardbrukarar får høyre at dei må bli gründerar. I denne avhandlinga får vi møte provençalske gardbrukarar som har drive fram nyskaping i landbruket, gjennom nye produkt, nye former for distribusjon og nye aktivitetar, som t.d. gardsturisme. Dei utnyttar trendar i moderne marknader ved å aktivisere tradisjonar og tilby folk ein smak av ”tapte røter”. Nyskapinga er oftast drive fram av kvinner og kvinnegruppene i landbruket. Dei nye aktivitetane gjer gardsbruka meir fleksible i forhold til å møte endra rammevilkår, gir gardbrukarane auka aksept og styrkar kvinna sin posisjon i landbruket. Men dei er svært arbeidskrevjande og møter mykje motstand, både i landbruksmiljø og i byråkratiet. Førde viser korleis nyskapande praksisar utfordrar vekstideologien, folks idear om kva som er ”ordentleg landbruk” og etablerte kjønnsroller.

Vi får også møte nordnorske gardbrukarar og deira strategiar. Dei har vore meir opptatt av å vedlikehalde det konvensjonelle landbruket, og kombinasjon av jordbruk og andre yrke har vore ein meir framtredande strategi enn nye aktivitetar på garden. Forfattaren viser at også vedlikehald av jordbruksproduksjonen krev kulturell kreativitet når vilkåra endrast, og skildrar kvardagslivet til kvinner som utmerkar seg gjennom politisk arbeid, nye kombinasjonar eller nye aktivitetar som t.d. fjøsnissehelg som nisje. Gjennom detaljerte skildringar av nokre gardbrukarar sine kvardagsliv og driftstilpassingar får vi eit innblikk i mangfaldet av muligheiter i landbruket, men også av smerta kreativiteten ofte blir til i og kva det kostar å gjere ukonvensjonelle val.

Avhandlinga prøver å ”reise kjerringa” i debatten om landbruket ved å vise korleis kvinner endrar landbruket på måtar som styresmaktene og forskinga ikkje har vore merksam på fordi det skjer utanfor eksplisitte politiske eller produksjonstekniske felt. Førde viser korleis nyskaping kan kome til i mange slags koplingar av erfaring og kunnskap frå ulike felt, og i kopling av det tradisjonelle og det moderne.

Førde er opptatt av å gripe samspelet mellom kvardagsliv og politikk, med utgangspunkt i kvinners kvardagsliv. Arbeidet baserer seg på kvalitativt feltarbeid blant gardbrukarar i Provence og Nord-Noreg. Samstundes har forskaren utvida det tradisjonelle grunnlaget for kunnskapsproduksjon ved å gå gjere formidling til ein del av forskingsprosessen. På den måten inkluderast gardbrukarar, byråkratar og politikarar i kunnskapsproduksjonen.

Anniken Førde (fødd 1969) kjem sjølv frå gard, i Gildeskål i Nordland. Ho tok i 1995 hovudfag ved Institutt for planlegging og lokalsamfunnsforsking ved Universitetet i Tromsø over temaet moderniseringsprosessar i provençalsk jordbruk, og har seinare arbeidd som stipendiat ved same institutt. Doktorgradsprosjektet har vore delvis finansiert av Noregs Forskningsråd. Førde arbeider no som universitetslektor i Arktisk naturbruk og landbruk, og tiltrer 15.juni som fylkesagronom ved Fylkesmannen i Troms, Landbruksavdelinga.

Kontaktperson: Anniken Førde, tlf 97603511, e-post: annikf@sv.uit.no

Til bilde i større format

Would you like to receive e-mails about updates in this folder?
E-post adresse:
Velg intervall her:

© Tromsøflaket, Universitetet i Tromsø, 9037 Tromsø
Telefon: 77 64 40 00, Faks: 77 64 64 00, Epost flaket@adm.uit.no
Updated by Harald Groven on 13.08.2004 at 18:14
Ansvarlig redaktør: konst. kommunikasjonsdirektør Karen Marie Christensen


Read this page in: Bokmål |

set width of main cell in netscape 4

All UiT-pages
Advanced search
Subjects:
Showing 1-8 of 8
Doctor artium
Doctor juris
Doctor medicinae
Doctor philosophiae
Doctor psychologiae
Doctor scientiarum
Dr. rerum politicarum
Philosophiae doctor (PhD)
Records:
Showing 1-29 of 29
Torsteinsen, Harald
Skorstad, Berit
Kassah, Bente Lind
Arntsen, Bjørn
Erstad, Inger Helen
Aanesen, Margrethe
Skorstad, Berit
Handegård, Tina L.
Allern, Marit K.
Fossland, Trine M.
Myrvang, Robert
Gjertsen, Hege
Ringholm, Toril
Olsen, Bror
Saus, Merete
Løvseth, Toini
Wiborg, Agnete
Bjørnå, Hilde
Otterlei, Jill Beth
Førde, Anniken
Wæraas, Arild
Obstfelder, Aud
Kassah, A. Kwesi
Lykkeslet, Else
Waage, Trond
Rønbeck, Ann Elise
Sydnes, Are K.
Holtan, Amy
Lotherington, Ann T.
set width of right cell in netscape 4