Search Tavla Humanities Law Science Medicine Fishery Sciences Social Sciences Centres TMU Library Administration
set width of left cell in netscape 4
Startsiden
Tromsøflaket
Nyheter
Debattforum
Rektors spalte
Arkiv
Kontakt oss!
Aktuelt
Nytt fra enhetene
Universitetstavla
Hva skjer?
Intern informasjon
Pressemeldinger
Andre medier
UiTø i media
Smånytt
set width of left cell in netscape 4
Startpage › nyheter › pressemeldinger › 904 › 1658
Printer friendly

Samarbeid i barneverntenesta

Jill Beth Otterlei spør i avhandlinga ”Heilskapeleg tenesteyting? – ein studie av samarbeidsstrategiar i barnevernet.” frå Universitetet i Tromsø om i kva grad og korleis samarbeidet fungerer, kvifor dei tilsette innan barneverntenesta samarbeider, og kva resultata av samarbeidet er.


 


Jill Beth Otterlei
Jill Beth Otterlei
Bakgrunnen for desse spørsmåla er at tenestene i mange tilfeller vert oppfatta som fragmenterte og lite koordinerte, og at fagfolka i kommunen som gjev tenester til barna og familiane deira, ikkje veit kva dei andre gjer. For å få til heilskapelege og koordinerte tenester krev det eit omfattande samarbeid mellom dei ulike instansane som gjev barneverntenester, og m.a. har tidlegare undersøkingar synt at dette kan vere vanskeleg å få til. Spørsmålet i denne avhandlinga er korleis dei prøver å få til samarbeidet, sett frå dei tilsette i barneverntenesta si side.

I fire kommunar er det gjort intervju av dei tilsette ved barneverntenesta, og innhenta sakspapir som omhandlar samarbeid. I tillegg er det brukt data frå Kommunal Monitor som supplement. Med utgangspunkt i to organisasjonsperspektiv; eit instrumentelt og eit institusjonelt, vert materialet tolka og analysert. Det instrumentelle perspektivet får fram dei formelle sidene ved samarbeidet, t.d. om det er pålagt frå leiinga å samarbeide, om der er formelle samarbeidsordningar; tverretatlegeg team og liknande. Det instutusjonelle perspektivet får fram dei meir uformelle sidene ved organisasjonar, og spørsmålet vert då om t.d. samarbeidet skjer utan at det er pålagt frå leiinga, og utan at det vert arrangert formelle møter. Kva betyr det for samarbeidet at det er sjølvstendige og ganske fristilte fagfolk som skal samarbeide ?

Resultata frå studien syner at det skjer mykje samarbeid, og at dei som arbeider i barneverntenesta synes at dei får til å koordinere tenestene, når samarbeidet først fungerer. Der er mange ulike samarbeidsordningar og strategiar, t.d. basisgrupper og tverretatlege team, men samarbeidet skjer også meir uformelt gjennom telefonsamtaler o.l.
Men det er også ein del problem med å få til samarbeid kan mellom anna ha bakgrunn i ressursmangel, eller at mange er skeptiske til å involvere barnevernet.

Jill Beth Otterlei er født i 1961, og vaks opp på Fjørtoft, i Haram kommune. Ho er utdanna cand.polit. ved Institutt for administrasjon og organisasjonsvitenskap, ved Universitetet i Bergen. Sidan 1990 har ho vore tilsett ved Høgskulen i Bodø, Avdeling for samfunnsfag, først som amanuensis, og no som førstelektor.

Kontaktperson: Jill Beth Otterlei, telefon 75518631 eller mobil 97186933

Til bilde i større format

Would you like to receive e-mails about updates in this folder?
E-post adresse:
Velg intervall her:

© Tromsøflaket, Universitetet i Tromsø, 9037 Tromsø
Telefon: 77 64 40 00, Faks: 77 64 64 00, Epost flaket@adm.uit.no
Updated by Harald Groven on 13.08.2004 at 18:19
Ansvarlig redaktør: konst. kommunikasjonsdirektør Karen Marie Christensen


Read this page in: Bokmål |

set width of main cell in netscape 4

All UiT-pages
Advanced search
Subjects:
Showing 1-8 of 8
Doctor artium
Doctor juris
Doctor medicinae
Doctor philosophiae
Doctor psychologiae
Doctor scientiarum
Dr. rerum politicarum
Philosophiae doctor (PhD)
Records:
Showing 1-29 of 29
Torsteinsen, Harald
Skorstad, Berit
Kassah, Bente Lind
Arntsen, Bjørn
Erstad, Inger Helen
Aanesen, Margrethe
Skorstad, Berit
Handegård, Tina L.
Allern, Marit K.
Fossland, Trine M.
Myrvang, Robert
Gjertsen, Hege
Ringholm, Toril
Olsen, Bror
Saus, Merete
Løvseth, Toini
Wiborg, Agnete
Bjørnå, Hilde
Otterlei, Jill Beth
Førde, Anniken
Wæraas, Arild
Obstfelder, Aud
Kassah, A. Kwesi
Lykkeslet, Else
Waage, Trond
Rønbeck, Ann Elise
Sydnes, Are K.
Holtan, Amy
Lotherington, Ann T.
set width of right cell in netscape 4