Search Tavla Humanities Law Science Medicine Fishery Sciences Social Sciences Centres TMU Library Administration
set width of left cell in netscape 4
Startsiden
Tromsøflaket
Nyheter
Debattforum
Rektors spalte
Arkiv
Kontakt oss!
Aktuelt
Nytt fra enhetene
Universitetstavla
Hva skjer?
Intern informasjon
Pressemeldinger
Andre medier
UiT i media
Smånytt
set width of left cell in netscape 4
Startpage › nyheter › pressemeldinger › 904 › 2821
Printer friendly

Miljø og moral

Miljøomsyn har både ei lokal og ei global forankring og kvar og ein av oss er viktige for å skape vilkår for å kunne ta omsyn til miljøet. Men utan politiske tiltak og gode strukturelle forhold, nyttar lite, konkluderer ei fersk doktoravhandling frå Universitetet i Tromsø.


 


Berit Skorstad
Berit Skorstad disputerte like før nyttår for dr.polit.-graden ved Det samfunnsvitskaplege fakultetet ved Universitetet i Tromsø med avhandlinga ”Miljø, kunnskap og moral – tre casestudiar av miljøomsyn”.

”Tenk globalt, handle lokalt!” har vore eit av dei viktigaste slagorda i miljøpolitikken. Sett på spissen appellerer dette til den einskilde sin kunnskap og vilje til å ta miljøomsyn langt ut over eigen nytte. I tillegg krev appellen at det finst ei moglegheit for den einskilde til å omsetje global tenking til lokal handling.

Dei føresetnadene som ligg i slagord og haldningskampanjar vert ofte ikkje klargjorte. Sentrale spørsmål knytt til dette, er kva slags kunnskap trengst, kva skal til å for å omsetje dette til eit ønskje om å handle i tråd med slik kunnskap og ikkje minst korleis skal ein tilpasse det i andre føremål og gjeremål. Miljøomsyn er eit moralsk omsyn som både krev kunnskap om miljøproblem og handlingsval.

Avhandlinga handlar om korleis ulike grupper samfunnsaktørar fortolkar miljøproblema og naturen, og korleis miljøproblema blir oversett til motiv og praktisk handling hjå ulike individ og grupper i samfunnet. Den overordna problemstillinga er ”kva kunnskapsmessige, moralske og praktiske vilkår styrer og styrker miljørelaterte handlingar i det politiske liv, næringsliv og kvardagsliv?”

Skorstad har basert avhandlinga på tre empiriske casestudiar: ein studie av korleis miljøomsyn blir uttrykt i høve til forbruk og organisering av kvardagslivet, ein studie av korleis miljøomsyn blir uttrykt i næringslivet med fiskeri som eksempel og til sist ein studie av korleis miljøomsyn blir handtert i fylkespolitikken. Datainnsamlinga til desse studia er dels gjort ved deltakande observasjon, dels gjennom samtaleintervju og dels ved bruk av offentlege dokument og anna andrehands materiale.

Av sentrale poeng i avhandlinga peiker Skorstad på at miljøomsyn både har ei lokal og ei global forankring. Det er likevel vanskeleg å krevje lokal handling utan at miljøomsynet er forankra i lokal praksis. Folk sine eigne erfaringar og livsformar må sjåast som ein sentral del av det å skape vilkår for miljøomsyn. Samstundes finn Skorstad at dette er vanskeleg utan at politiske tiltak og strukturelle forhold legg til rette for dette.
Berit Skorstad er født i Namsos i 1962. Ho tok cand.polit.-graden i sosiologi/sosialpolitikk i 1991 ved Universitetet i Tromsø. Frå 1992 har ho vore knytt til Avdeling for samfunnsvitskap ved Høgskolen i Bodø, dei seinare åra som førstelektor. Det meste av doktorgradsprosjektet er gjort i forskingsdelen av denne stillinga. I periodar har ho også arbeidd ved Nordlandsforsking i Bodø. Delar av avhandlinga vart gjort her, med delfinansiering frå Noregs forskingsråd. Skorstad har også gitt ut fleire lærebøker, mellom anna i etikk.

Kontaktperson:
Berit Skorstad
Tlf. 75517304 eller 48216933
E-post: berit.skorstad@hibo.no

Would you like to receive e-mails about updates in this folder?
E-post adresse:
Velg intervall her:

© Tromsøflaket, Universitetet i Tromsø, 9037 Tromsø
Telefon: 77 64 40 00, Faks: 77 64 64 00, Epost flaket@adm.uit.no
Updated by kommunikasjonsrådgiver Torgunn Wærås on 11.07.2006 at 16:25
Ansvarlig redaktør: kommunikasjonsdirektør Stein-Gunnar Bondevik


Read this page in: Bokmål |

set width of main cell in netscape 4

All UiT-pages
Advanced search
Subjects:
Showing 1-8 of 8
Doctor artium
Doctor juris
Doctor medicinae
Doctor philosophiae
Doctor psychologiae
Doctor scientiarum
Dr. rerum politicarum
Philosophiae doctor (PhD)
Records:
Showing 1-34 of 34
Eide, Dorthe
Furu, Eli Moksnes
Hansen, Andreas
Normann. Anne Katrine
Kramvig, Britt
Torsteinsen, Harald
Skorstad, Berit
Kassah, Bente Lind
Arntsen, Bjørn
Erstad, Inger Helen
Aanesen, Margrethe
Skorstad, Berit
Handegård, Tina L.
Allern, Marit K.
Fossland, Trine M.
Myrvang, Robert
Gjertsen, Hege
Ringholm, Toril
Olsen, Bror
Saus, Merete
Løvseth, Toini
Wiborg, Agnete
Bjørnå, Hilde
Otterlei, Jill Beth
Førde, Anniken
Wæraas, Arild
Obstfelder, Aud
Kassah, A. Kwesi
Lykkeslet, Else
Waage, Trond
Rønbeck, Ann Elise
Sydnes, Are K.
Holtan, Amy
Lotherington, Ann T.
set width of right cell in netscape 4