|
ScanDiaSyn – Nordisk dialektsyntaks
ScanDiaSyn - Nordisk dialektsyntaks er ein
prosjektparaply der ni nordiske
forskargrupper
samarbeider om å kartleggja og studera den syntaktiske variasjonen i
det nordiske dialektkontinuuet på ein systematisk og koordinert måte.
Dei ni
gruppene er fordelte på alle dei fem nordiske landa samt eit
sjølvstyrt område (Færøyane). Tre ikkje-nordiske grupper og ei gruppe som arbeider med finsk dialektsyntaks er knytte til
prosjektet gjennom eit NordForsk nettverk.
Saman med
CASTL utgjer ScanDiaSyn vidare ryggraden i Nordic
Center of Excellence in Microcomparative Syntax
(NORMS) som er finansiert av NOS-HS i fem år frå
2005 til 2010. Samarbeidet har elles motteke støtte frå ei rekkje forskjellige finansieringskjelder – sjå denne sida for ei oversikt.
Prosjektleiar og -koordinator for ScanDiaSyn er Øystein Alexander Vangsnes ved Universitetet i Tromsø.
Les meir om:
Du kan òg følgja med i bloggen eller delta i diskusjonsforumet.
Aktuelt!
-
Dialektdugnad om færøysk og forskarkurs i feltmetodar, Færøyane, 9.-17. august. Inviterte førelesarar er Caroline Heycock, Helge Sandøy, Carson Schütze og Bert Vaux.
-
Stormøte for Nordisk dialektsyntaks, Sandbjerg Gods, Sønderborg, 24.-28. august.
-
Revisiting Parameters: Holmberg and Platzack (1995) Reloaded, Lunds universitet, 16.-17. oktober. Inviterte føredragshaldarar: Anders Holmberg, Christer Platzack, Höskuldur Thráinsson, Frederick Newmeyer. Sjå utlysing – frist for innsending av samandrag: 15. juli!
Eit fullstendig oversyn over ScanDiaSyn/NORMS-aktiviteter finst her.
ScanDiaSyn og NORMS i media:
ScanDiaSyn (inkl. NORMS) har fått ein god del merksemd i media. Nedanfor følgjer dei ferskaste bidraga om, av eller med medlemmer i nettverket. Sjå denne sida for eldre medieoppslag og -innslag. (Eller klikk ‘media’ til venstre.)
- Radiointervju med Øystein A. Vangsnes om älvdalsk (reprise frå november 2007), Språkteigen NRK, 9. juni 2007.
- Skal forske på språket deres, artikkel i Framtid i Nord, 29. mai 2008.
- Radiointervju med Øystein A. Vangsnes om determinativ bruk av ‘hvem’, Språkteigen NRK, 19. mai 2008.
- Den fødte pratmaker, artikkel av NTNU-stipendiat Guro Busterud i A-magasinet, 16. mai.
- Radiointervju med Peter Svenonius om uttrykk for ‘rom’, Språkteigen NRK, 12. mai 2008.
- E, eg og æ e fra Lofoten, intervju med Øystein A. Vangsnes i Lofotposten, 19. april 2008.
- Nordisk språk under lupa, artikkel i Sunnmørsposten, 25. mars 2008.
- Jølstramålet blir del av eit fellesnordisk
språkforskingsprosjekt, artikkel i Firda Tidend, 19. mars 2008.
- Älvdalska lockar och förbryllar, artikkel i LUM 2:2008, februarnummeret av Lunds universitets magasin.
- Lyngdal en av 50, artikkel om ScanDiaSyn-feltarbeidet i Lyngdal, Farsunds Avis, 4. februar 2008.
- De nordiska dialekterna vittnar om livet i Norden, intervju med Jan-Ola Östman på Helsingfors universitets nettsider, januar 2008. Finsk versjon. Engelsk versjon.
- Om 100 år er allting gløymt - men ikkje dialektane, artikkel om ScanDiaSyn-feltarbeidet i Sirdal, Sirdølen 30. januar 2008.
- På veg mot fylkesdialekt, oppslag og intervju med Øystein A. Vangsnes i Sogn Avis, 15. januar 2008 (Nettversjon). (Diverse oppfølgjingsartiklar og -(mot)innlegg er samla på denne sida.)
- Temperaturen blev taget på dialekten/Forsker: Bange for at vi er 30 år for sent på den, reportasje i Dagbladet Holstebro-Struer, 10. januar 2008.
- Forskere på besøk i Kirkesdalen: Dialekta under lupen, artikkel om ScanDiaSyn-feltarbeidet i Kirkesdalen, Nye Troms, 8. januar 2008.
- Systrending leiar nordisk språkprosjekt, artikkel om ScanDiaSyn i Sogn Avis, 7. januar 2008.
- Radiointervju med Øystein A. Vangsnes om korleis i norske dialektar og andre nordiske varietetar, Språkteigen NRK, 7. januar 2008.
- Radiointervju med Øystein A. Vangsnes om kelais (‘korleis’) i sognemål, Språkteigen NRK, 6. januar 2008.
- Dialekten din er viktig!, artikkel av Curt Rice og Øystein A. Vangsnes i Labyrint 1:2007.
- Radiointervju med Øystein A. Vangsnes om feltarbeid i Gaupne, Luster, NRK Sogn og Fjordane, morgonsendinga 19. desember 2007.
- Radiointervju med Kristine Bentzen om barnespråkslabben ved UiT, Språkteigen, NRK, 10. desember 2007.
- Fornöfn og eðli þeirra, intervju med Höskuldur Þráinsson om NORMS-workshopen om binding i Morgunblaðið, 8. desember 2007.
|