Heim
 
Nettverk
 
Aktivitetar
 
Forum
 
Prosjekt (pl)
 
Bibliografi
 
Dialektsamlingar
 
Blogg

Engelsk flagg2
Norsk flagg
 
[ Logg inn ]
The folder you were in or tried to open either does not exist or you do not have permissions to access it.
Printer friendly

ScanDiaSyn – Nordisk dialektsyntaks

ScanDiaSyn -Nordisk dialektsyntaks er ein prosjektparaply der ni nordiske forskargrupper samarbeider om å kartleggja og studera den syntaktiske variasjonen i det nordiske dialektkontinuuet på ein systematisk og koordinert måte. Dei ni gruppene er fordelte på alle dei fem nordiske landa samt eit sjølvstyrt område (Færøyane). Tre ikkje-nordiske grupper er knytte til prosjektet gjennom eit NordForsk nettverk.

Saman med CASTL utgjer ScanDiaSyn vidare ryggraden i Nordic Center of Excellence in Microcomparative Syntax (NORMS) som er finansiert av NOS-HS i fem år frå 2005 til 2010. Pr. 1. desember 2006 har ScanDiaSyn motteke støtte frå Nordens Språkråd, NordForsk/NorFA, Nordplus språk, NOS-HS, Rannsóknamiðstöð Íslands, Universitetet i Tromsø, Vetenskapsrådet (Sverige), Forskningsrådet for Kultur og Kommunikation (Danmark) og Finlands Akademi. Prosjektleiar og -koordinator for ScanDiaSyn er Øystein Alexander Vangsnes ved Universitetet i Tromsø.

Les meir om:

Du kan òg følgja med i bloggen eller delta i diskusjonsforumet.

Aktuelt!

  • Ledige stillingar i NORMS!
    4-6 stillingar med varigheit frå seks månader til halvanna år vil bli fordelte på NORMS-nettverket. Søknadsfrist er 31. januar 2007 og forventa oppstart er våren/sommaren 2007. Fullstendig utlysing finst på heimesida til NORMS.
  • NORMS Workshop on Object Positions, Aarhus Universitet, 18.-19. januar, v/Sten Vikner og Henrik Jørgensen.
  • NORMS Workshop on Verb Placement, Háskóli Íslands, 26.-27. januar, v/Höskuldur Thráinsson og Þórhallur Eyþórsson.
Eit fullstendig oversyn over ScanDiaSyn/NORMS-aktiviteter finst her.

ScanDiaSyn og NORMS i media:


    Det humanistiske fakultet, Universitetet i Tromsø, 9037 Tromsø TLF: 776 44240
    Oppdatert av forskar Øystein A. Vangsnes den 11.01.2007 13:04
    Ansvarlig redaktør: fakultetsdirektør Bjarte Toftaker


    Read this page in: Bokmål | English