Home
 
Network
 
Activities
 
Forum
 
Projects
 
Bibliography
 
Dialect collections
 
Blog
2006
November
Oktober
September
August
Juni
Mai
April
Mars
Februar
Januar
2005
 
[ Login ]
Printer friendly

ScanDiaSyn-bloggen i august 2006

Fredag 18. august
Den 8. nordiske dialektologkonference er no over – det er berre festmiddagen som står att. I går presenterte eg ScanDiaSyn for ca. 25-30 tilhøyrarar, og støtta meg faktisk utelukkande på nettsidene. I samband med det har eg lagt ut ein del nye sider som det går an å tråkla seg gjennom så sant ein finn dei rette peikarane (som eg elles skal rydda opp i så det blir meir samanheng). Det fungerte i grunnen bra å gjera det slik og ikkje minst er eg nøgd med at førebuinga av materiale ikkje var heilt bortkasta i og med at det no allereie ligg på nettet. Workshopen om syntaktisk variasjon strakte seg over gårsdagen og dagen i dag, og det var gode og interessante innlegg ved Kristin Eide & Tor Åfarli, Sigga Sigurjónsdóttir, Karen Margrethe Pedersen, Asgerd Gudiksen, Kristina Hagren, Lars-Olof Delsing, Janne Bondi Johannessen og Ann-Marie Ivars (sjå programmet). Til saman vart det i alle fall bra mykje meir om syntaks denne gongen enn for fire år sidan på Voss!

- Øystein


Arkiv

2006
November
Oktober
September
August
Juni
Mai
April
Mars
Februar
Januar

2005
Oktober-desember

Weblog Commenting and Trackback by HaloScan.com


Det humanistiske fakultet, Universitetet i Tromsø, 9037 Tromsø TLF: 776 44240
Updated by forskar Øystein A. Vangsnes on 06.12.2006 at 17:57
Ansvarlig redaktør: fakultetsdirektør Bjarte Toftaker


Read this page in: Bokmål