Heim
 
Nettverk
 
Aktivitetar
 
Forum
 
Prosjekt (pl)
NORMS
ScanLex
 
Bibliografi
 
Dialektsamlingar
 
Blogg

Engelsk flagg2
Norsk flagg
 
[ Logg inn ]
Printer friendly

Prosjekt under ScanDiaSyn-paraplyen

Nordisk dialektsyntaks (ScanDiaSyn) har ei kompleks organisering. På grunn av finansieringssituasjonen er prosjektet sydd saman av fleire delprosjekt, noko som organisatorisk sett gjer det naturleg å omtala ScanDiaSyn som ein prosjektparaply snarare enn eitt prosjekt. Innanfor "paraplyen" er og blir det definert felles målsetningar, og dei ulike delprosjekta er anten retta direkte mot desse målsetningane eller kombinerer dei felles måla med eigne mål.

På denne sida gir vi ein oversikt over dei ulike delprosjekta under ScanDiaSyn-paraplyen som har eigen øyremerkt finansiering.

- Network for Scandinavian Dialect Syntax (støtte frå NordForsk i perioden 2005-2007)
- Nordic Center of Excellence in Microcomparative Syntax (NORMS)(støtte frå NOS-HS i perioden 2005-2010)
- SveDiaSyn - svensk dialektsyntaks (støtte frå Vetenskapsrådet (Sverige) i perioden 2005-2007)
- Tilbrigði í setningagerð (støtte frå Rannsóknamiðstöð Íslands i perioden 2005-2007)
- ScanLex - internordisk elektronisk leksikon (støtte frå Nordens Språkråd i 2005)

I tillegg støttar NOS-HS Nordisk dialektsyntaks - ScanDiaSyn (altså prosjektparaplyen) direkte med ei løyving for prosjektleiing i perioden 2005-2007.


Det humanistiske fakultet, Universitetet i Tromsø, 9037 Tromsø TLF: 776 44240
Oppdatert av forskar Øystein A. Vangsnes den 17.08.2006 01:00
Ansvarlig redaktør: fakultetsdirektør Bjarte Toftaker


Read this page in: Bokmål | English