|
Prioritering av søkarar til PhD-emne
Dersom det er fleire påmelde enn plassar på eit PhD-emne, vert søkarane prioritert i rekkefølgja kategori 1 til 4. Rangering/prioritering av søkarar skjer på fakultetsnivå.
I PhD-forskrifta § 9 om opptak til emne i opplæringsdelen, er det spesifisert at desse kategoriane studentar kan følgja PhD-emne ved UiTø:
Kategori 1:
PhD-studentar ved UiTø.
Desse skal ikkje betala semesteravgift.
Kategori 2:
Personer som er tilsett i stipendiatstilling ved UiTø,
men som enno ikkje er tatt opp på PhD-program.
Desse skal ikkje betala semesteravgift.
Kategori 3:
Doktorgradsstudentar frå andre universitet.
Desse skal ikkje betala semesteravgift.
Kategori 4:
Personer med minimum mastergrad eller tilsvarande, som ikkje er tatt opp på PhD-program.
Deltakarar i denne kategorien må ha betalt semesteravgift (og eventuell kursavgift) ved UiTø. Eller levere bekrefta kopi av gjeldande semesterkort fra annet norsk universtet/høyskole.
Deltakarar i kategori 4 vil etter at forskingsstaben har mottatt søknad om opptak til PhD-emne få tilsendt giro for semesteravgift. Kvitteringa må deretter returnerast for dokumentasjon på betaling. 'Kategori-4-deltakarar' vil ikkje verte eksamensmeldt utan framvist kvittering. Dersom du er student ved anna høgskole/universitet må du vise kopi av semesterkort.
Påmelding/søknad om opptak til PhD-emne
Studentar i alle kategoriar (1-4) må fylla ut dette skjemaet, som finst på bokmål, på nynorsk og på engelsk (skjema ligg på kurset si nettside). Der er det og presisert kva krav som gjeld for dokumentasjon av kvalifikasjonar. Søknad om plass på PhD-emne skal sendast til:
SV-fakultetet v/forskingsstab
Universitetet i Tromsø,
9037 Tromsø
|