Tilbake til normal visning
Her finn du nyheiter som gjeld dei ulike programvarene for referanseverktøy som UB tilbyr alle studentar og tilsette ved UiT.


EndNote: referansar frå GeoRef
Dessverre er det ein feil i informasjonen EndNote får frå GeoRef, når ein eksporterer referansar frå denne databasen via EndNote. Difor er det ikkje mogleg å laga ei tilkoplingsfil som fungerer. Korleis du likevel kan få referansar frå GeoRef til EndNote-databasen din, kan du lesa meir om her.
Les mer


EndNote: APA-stilen på norsk
For EndNote-brukarar som skriv på norsk, og som skal bruka APA-stilen, har vi laga ei norsk omsetjing av APA 5th stilen som følgjer med EndNote-programmet.
Les mer


EndNote: nye tilkoplingsfiler
Nye tilkoplingsfiler for Ovid-databasane våre er lagt ut på sida for tilkoplingsfiler. Dei gamle tilkoplingsfilene med "(SP)" i filnamnet vil ikkje fungera lenger.
Les mer


UBs lenketenester direkte frå din EndNote-database
Visste du at det er mogleg å få opp UBs lenketenester til referansar i EndNote-databasen din direkte frå EndNote? Synest du dette hørest interessant ut, så les vidare!
Les mer


EndNote-kurs
UB tilbyr kurs for alle som treng hjelp til å komma i gang med referanseverktøyet EndNote. Både studentar og tilsette kan melda seg på. Gå til kursoversikta i venstre marg og meld deg på der.
Les mer


EndNote X1
Thomson har lansert ein ny versjon av EndNote for både Windows og Macintosh, EndNote X1. Det finst ein del nytt i denne versjonen, mens mange av dei gamle funksjonane er framleis med.
Les mer


Betre EndNote-brukarrettleiing på nett
Ved overgangen til ny layout på heimesidene våre for referanseverktøy har vi også laga ei betre brukarrettleiing for EndNote.
Les mer

Universitetsbiblioteket i Tromsø, Breivika, 9037 Tromsø,
e-post: post@ub.uit.no, Tlf.: 77 64 40 00
Ansvarlig redaktør: Bibliotekdirektør Helge Salvesen