| Spørsmål |
Svar |
| Arrangement |
|
Korleis melder eg meg på arrangement? |
Det er nettbasert påmelding til dei aller fleste arrangementa til embetet. Klikk på "Arrangement" i venstre meny. Du får da opp eit arrangementsoversyn. Klikk så på namnet til det arrangementet du er interessert i, og du får opp ein presentasjon av det. Nedst i dei fleste presentasjonane finn du påmeldingsskjema. Fyll ut og trykk "Send". For å sjå om påmeldinga er registrert kan du klikke "Sjå deltakarliste" lenger opp i presentasjonen. Vi gjer merksam på at brukarar av nettlesaren "Netscape" har opplevd at påmeldinga ikkje har blitt registrert. Einskilde arrangement har andre påmelingsrutinar. Desse vil framgå av presentasjonen. |
| Skjema |
|
| Kvar finn eg skjema om...? |
Du finn skjema frå fylkesmannen i overliggande meny, under "Skjema". Skjema som blir lagde inn er sorterte etter emne og blir oppaterte kontinuerleg. |
| Flagg |
|
| Eg ville hatt ei oversikt over dei offentlege flaggdagane i Norge? |
- Klikk her for eit oversyn over offisielle flaggdagar |
| Kvar finn eg flaggreglementet? |
- Klikk her for å laste ned flaggreglementet (pdf-format) |
| Separasjon/skilsmisse |
|
| Vi vart separert for eit år sidan, men vi har ikkje høyrd noko meir frå Fylkesmannen. Vert vi ikkje skilt automatisk etter eitt år? |
Nei. Partane må sjølv ta kontakt med Fylkesmannen for å få tilsendt søknadsskjema for skilsmisse. Skjema finn ein og på nettsidene våre. |
| Kor lang er saksbehandlingstida? |
I saker der begge partane har signert og alle naudsynte vedlegg ligg ved søknaden, er saksbehandlingstida i separasjonssaker 2 veker og skilsmissesaker 4 veker. |
| Ektefellen min ønskjer ikkje å signere separasjons-/skilsmissesøknaden. Kva gjer eg då? |
Då kan du søkje aleine. Den av ektefellane som ikkje finn å kunne fortsette samlivet, kan søkje Fylkesmannen om løyve til separasjon. Når ektefellane har vore separert i eitt år kan dei søkje om skilsmisse. |
| Kor lenge kan vi bu saman etter at vi har motteke løyve om separasjon? |
Samliv i ei overgangstid inntil samlivet vart brote, eller kortvarige forsøk på å ta opp att samlivet fører ikkje til at separasjonen vert utan rettsverknad. Praktiseringa av desse reglane vil måtte bero på skjønn. Avgjerande vil bl.a. vera kvifor partane har fortsatt eller teke opp att samlivet. |
| Kan vi halde fram med å bu i same hus dersom vi bur i kvar vår etasje? |
Det er ikkje nok at partane har kvar sitt soverom i kvar si etasje. Det må være to åtskilde bueiningar. |
| Må vi dele felleseige før vi kan søkje om skilsmisse? |
Nei. Det er ikkje naudsynt at partane er samde om deling av felleseige når ein søkjer om separasjon eller skilsmisse. Desse spørsmåla kan takast opp seinare. |
| Jaktog fiske |
|
| Kva må eg gjere for å få lov til å gå på jakt? |
I alle høve må du ta jegerprøva. Den er i to delar: Eit kurs på 30 timar og ein eksamen. Alle over 14 år kan ta jegerprøva.
Kurset blir arrangert av ulike studieforbund i Rogaland, men dei fleste er i regi av Norges Jeger- og Fiskerforbund. Dei har kurs som dekker alle kommunane i fylket. Elles kan kommunen du bor i hjelpa til med å ta kontakt med kursarrangør.
Etter bestått jegerprøve må du betale jegeravgift. Du må betala jegeravgift for kvart jaktår (1.april – 31.mars). Alle som skal jakte storvilt (over 18 år) må ta skyteprøva med rifle kvart jaktår.
|
| Kan barn og ungdom under 16 år fiske gratis i elvar og vatn? |
Personar under 16 år kan fiske gratis i vassdrag eller delar av vassdrag der det ikkje går laks og sjøaure. Dei treng heller ikkje betale fiskekortavgift til staten til slikt fiske. Denne retten gjeld i perioden 1. januar til 20. august og berre med stang og handsnøre. - Klikk her for rett lovheimel i Lov om laksefiske og innlandsfiske m.m |
| Eg ønskjer eit oversyn over fiskereglar og fisketider i elvane? |
Fylkesmannen fastset fisketidene for 4 år om gongen. Gjeldande reglar gjeld til og med sesongen 2007. - Klikk her for å lese meir |
| Kor kan eg ringe dersom eg oppdagar tjuvfiske, tjuvjakt eller annan grov miljøkriminalitet ? |
Ta kontakt med Politiet (112), eller Statens Naturoppsyn.
SNO-Stavanger: Knut Henrik Dagestad, tlf.: 95 96 72 39
SNO-Suldal: Reidar Sandal, tlf.: 90 87 78 44
SNO-Sirdal: Lars Erik Skaatan, tlf.: 48 25 48 03 |
Er det trygt å ete fisken eg har fanga frå kaia? |
Kaier er ikkje den beste staden å fiska i frå. I områder med mykje forureinande aktivitet kan det vere høgt tungmetallinnhald i fisk og anna sjømat. Område med kosthaldsråd er vist på miljøstatus/kjemikalier/ konsekvensar:imposex - Klikk her for meir informasjon |
| Eg har funne ein daud fugl som eg har lyst til å stoppa ut. Korleis går eg fram? |
Berre autoriserte preparantar kan ta imot slike oppdrag mot betaling.
Daude dyr og fuglar som takast vare på er viltfondet sin eigedom. Det tydar at preparanten på vegne av kunden må søke Direktoratet for Naturforvaltning om løyve til å stoppa ut einskilde artar for registrering og eventuell merking. - Klikk her for forskrift om ivaretaking av daudt vilt |
| Jærstrendene |
|
| Vi er ein skuleklasse som vil overnatte i telt på Jær-strendene. Kvar kan vi vere? |
Offentleg sikra friluftsområde m/toalett er mest aktuelt: Vistebukta (Randaberg), Ølberg friområde (Sola), Refsnes friområde (Hå). Campingplassar på Ølberg (Jæren friluftsråd), Varden og Kvalbein i Hå (private) er alternativer. Unngå alle plante- og fuglefrednings-områder, samt sanddyneareal. - Klikk her for kart over Jærstrendene |
| Vi vil gjerne gjennomføre eit arrangement på Jærstrendene. Kvar kan vi vere? |
Offentleg sikra friluftsområde er mest aktuelt. Alle arrangement krev avklaring av fylkesmannen i forkant (tlf. 51568909). - Klikk her for kart over Jærstrendene |
| 100-meterssona |
|
| Eg ønskjer informasjon om bygging av hytter og naust i 100- meters belte langs sjøen. |
|
| Lege |
|
| Eg vil byte fastlege. Korleis gjer eg det? |
Kontakt fastlegeordninga: Hinna trygdekontor, tlf. 810 59 500 eller bruk Trygdeetaten si nettbaserte teneste for å bytte fastlege |
| Kva har eg rett til når det gjeld innsyn i min eigen journal? |
Du har rett til kopi av journal, pris: kr. 70 Du har rett å få forklaring av din eigen journal Ved dødsfall kan næraste pårørande få rett til innsyn i journalen din |
| Farskap |
|
| Kvar kan eg ta DNA-test (farskapssaker) |
Kontakt fylkestrygdekontoret på tlf. 51 96 55 00 |
| Medaljar |
|
| Eg vil søke om Kongens fortenestmedalje for ein person. Kvar finn eg statuttane og korleis går eg fram vidare? |
Klikk her for finn du statuttane og meir informasjon |
| Tomt |
|
| Er det vanskeleg å få dele frå tomt til bustad eller hytte i landbruks,- natur og friluftsområde og i landbruksområde elles? |
Ja, det er generelt dele- og byggjeforbod for dette. Bustad,- og hyttebygging skal som hovudregel skje i godkjent areal godkjent i reguleringsplan for dette. Søknad om dispensasjon frå plan (plan- og bygningsloven § 7) kan berre skje dersom det er dokumentert ”særlege grunnar”. Gebyr for behandling av dette i kommunen er kr 5.000-10.000 |
| Gjerdeklyvar |
|
| Eksisterer ordninga med gratis gjerdeklyvarar enno? |
Ja, landbruksføretak som har behov for gjerdeklyvarar kan søkje om tildeling av gratis gjerdeklyvarar via landbrukskontoret. Søkjar har ansvar for å hente, setje opp og vedlikehalde gjerdeklyvarene. |
| Søknadsfristeri landbruket |
|
Kva er søknadsfristen for ..? (landbruk) |
Ein del viktige søknadsfristar som vedkjem landbruket finn du her. |
| Skoleferie/skoleruta |
|
| Skoleruta for neste skoleår - Når er det feriar? Når byrjer skolen? Når sluttar skolen? |
- Klikk her for å lese om/sjå skoleruta 2005/06 - Klikk her for skoleruta 2006/07 Vi gjer merksam på at det er fylkeskommunen og kommunane som bestemmer skoleruta for eigne skolar. Fylkesmannen lagar framlegg til skolerute. |