Skriv ut Sideoversikt |  


Avdelingar og fagmiljø
- Kulturfag
- Mediefag
- Humanistiske fag
og lærarutdanning
- Samfunnsfag og
historie

Biblioteket
Internasjonalisering
Studentsamskipnaden
Ivar Aasen-instituttet
Nynorsksenteret


Offentleg informasjon /

Søkjerettleiing til ajourførte lover og forskrifter på web

Inngangar til lovene:

1. Søking
2. Kronologisk register med dei nyaste først
3. Alfabetisk register på grunnlag av tittel
4. Systematisk register
5. Næringsregister

Inngangar til dei sentrale forskriftene:

1. Søking
2. Heimelsregister
3. Næringsregister
4. Systematisk register
5. Sentrale forskrifter fordelt på departement

Val og skifte av base

Klikk på "Ajourførte lover" og deretter "Søk". I dette skjermbiletet finst det eit felt "Ny base" der det kjem opp som standard den basen du valte først frå menyen.

Dei ulike vala i "Ny base" er:

(1) Lover
(2) Sentrale forskrifter
(3) Lokale forskrifter
(4) Rikstrygdeverkets rundskriv
(1,2) Lover, sentrale forskrifter
(1,3) Lover, lokale forskrifter

Dei ulike søkjefelta

Departement:

Eit søk kan innsnevrast til å gjelda eitt bestemt departement. Departementet vel ein frå ein boks med rullegardinmeny. Dersom ein klikkar på Alle, vel ein alle rettsområde.

Heile teksten:

Her kan ein søkja på ord og uttrykk frå heile den løpande teksten.

Tittelfeltet:

Dette feltet inneheld den offisielle tittelen på lova/forskrifta, som t.d. "Lov om grunnskolen og den vidaregåande opplæringa". Berre for einskilde nyare lover kan ein søkja på korttittel, t.d. Opplæringslova. Søk heller på eitt eller fleire meiningsberande ord i den offisielle tittelen, som t.d. grunnskolen.

Datofeltet:

Dette feltet inneheld dato for lova/forskrifta. For lover vil dette vera sanksjonsdatoen. Datoen har følgjande format: DD.MM.ÅÅÅÅ - som t.d. 28.09.1996

Trunkering

Trunkeringsteikn er: *. Dersom ein t.d. søkjer på avtale*, vil alle ord som startar med avtale komma fram i søkjeresultatet. Det er også  mogeleg å setja trunkeringsteiknet i starten av ordet. Eit søk på *skole vil fanga opp dokument som inneheld "høgskole", "fagskole" osv.

Fraser

Søk på fraser (to eller fleire ord i rekkjefølgje) vert gjort ved å skriva inn orda med blank imellom. Døme: vidaregåande skole


Logiske operatorar

Ein kan søkja med dei logiske operatorane OG og ELLER. OG vert skrive som + (pluss) og ELLER som , (komma)

Døme:

Søk på synonym med operatoren ELLER:
medisin*, legemid*

Søk med operatoren OG der ein vil at begge orda skal vera med i søkeresultatet:

universitet* + høgskole*

Logiske operatorar kan kombinerast ved søking:

Døme: medisin*,legemid*, medi*+salg*,selg*,solgt*,oms*+apotek*

Avstandsoperator:

Ved hjelp av avstands-operatoren kan ein spesifisera at to eller fleire ord skal forekomma innafor same setning, eventuelt at dei skal forekomma innan eit visst antal  ord ifrå kvarandre.Avstandsoperatoren vert skrive som // (to skråstrek rett etter kvarandre).

Døme:

skatt* // bolig*

Søkeresultatet vil ha treff der desse orda finst i same setning i dokumenta, men ikkje nødvendingvis i denne rekkjefølgja.

skatt* /4/ bolig*

Søkeresultatet vil ha treff der desse orda finst innan 4 eller færre ord frå kvarandre innafor same setning, men ikkje nødvendigvis i same rekkjefølgje.

Resultatlista

Resultatlista vil bestå av kapitteloverskrifter og/eller hovuddokument. Hovuddokumenta vil innehalda faste, formelle opplysningar om lova/forskrifta og innhaldslista til lova/forskrifta. Ein får fram dokumenta i fulltekst ved å klikka på titlane. Søkjeorda er utheva, slik at ein lett kan finna dei igjen i teksten.

Når ein står inne i teksten til eit dokument, ser ein dei fire funksjonsknappane Oversikt, Første, Forrige, Neste

Oversikt - fører deg tilbake til dei ulike inngangane til den valde basen

Hele loven - du får fram heile lovteksten på skjermen..

Første - fører deg til hovuddokumentet for lova/forskrifta med innhaldsliste

Forrige - fører deg til teksten i det førre kapitlet til lova/forskrifta

Neste - fører deg til teksten i neste kapitlet til lova/forskrifta

Utskrifter

Dersom ein i navigasjonsmenyen, klikkar på "hele loven", får ein fram heile lovteksten på skjermen, og dermed kan ein også få ei utskrift av heile lova.

 

Hyperhopp/kryssreferanse frå lov til forskrifter

Når ein har innhaldslista for ei lov i skjermbiletet, vil ein straks framføre innhaldslista finna nokre sentrale opplysningar om lova, mellom anna "Sentrale forskrifter". Dersom ein klikkar på denne linja, får ein fram eit oversyn over alle dei sentrale forskriftene som er heimla i denne lova. Dersom ein ynskjer å lesa ei bestemt forskrift, klikkar ein på det blå feltet med forskrifta sin identifikasjon.

Bruk av heimelsregisteret i forskriftsbasen

Heimelsregisteret vert brukt for å finna forskrifter som er heimla i ein bestemt lov/lovparagraf. Klikk på Sentrale forskrifter. Klikk på Hjemmelsregister. Du kjem no inn i ei liste med oversyn over Norges lover i kronologisk stigande rekkjefølgje. Kvar linje inneheld lova sin identifikasjon saman med den offisielle tittelen til lova. Når ein klikkar på identifikasjonen, kjem ein inn i eit oversyn over alle forskriftene som er heimla i lova fordelt på paragrafane i stigande rekkjefølgje.

 



Skriv ut  Skriv ut
Oppdatert av Kirsten Hundvebakke 19.02.2003
Publisert med NetEd : Web publiseringsløsning