|
Halvårsstudium i friluftsliv kan inngå som valfri del av allmennlærarutdanninga, søkjast av lærarar som vidareutdanning eller av andre studentar som grunnutdanning. Studiet kan godkjennast som del av Bachelorgrad i friluftsliv og kroppsøving ved HVO.

Kva lærer du: Studentane skal opparbeide grunnleggjande dugleik i og forståing for arbeid med friluftsliv for born og unge i grunnskule, skulefritid, og annan skule- og fritidssamanheng.
Opptak: Til Friluftsliv halvårsstudium vert studieplassane fordelte i samsvar med det generelle opptaksreglementet for grunnutdanningar.
Oppbygging og gjennomføring: Studiet er lagt opp i ulike naturmiljø og der ein hovudsakleg bur i telt.
Emne som inngår i studiet: - FKR105: Friluftsliv - skog, mark og kyst - FKR106: Friluftsliv - vinter- og vårfjell
FKR105 består av to samlingar og FKR106 består av to samlingar. For å få studiet godkjent, må studentane ha vore med på alle dei fire samlingane. Emne FKR105 må takast før FKR106.
Vegen vidare – jobb og studium: Studiet kvalifiserer for arbeid med barn og unge i grunnskule, SFO, vidaregåande skule, leirskule, lag og organisasjonar.
|