|
Norsk 60 stp Norsk 1 30 stp Norsk 2 30 stp Språk og litteratur 30 stp Lese- og skriveopplæring (barne- og mellomsteget) 30 stp Lese- og skriveopplæring (ungdomssteget) 30 stp Nynorsk for lærarar 30 stp Norsk (nordisk) 30 stp (15 + 15 stp) Norsk 3 (200-nivå) 30 stp Norsk 3 (lese- og skriveutvikling) 30 stp
Norsk årsstudium, 100-emne 60 stp
Norsk halvårsstudium, 100-emne 30 stp
Norsk fordjupningsstudium, 200-emne 30 stp
Fagstudia i norsk (nordisk) gir sentrale kunnskap om norsk (nordisk) språk og litteratur i fortid og notid, og ei første innføring i vitskapleg metode.

Norsk 60 stp Årsstudium
Kva lærer du: Gjennom studiet skal studentane tileigne seg kunnskap som er naudsynt anten dei skal verte norsklærarar eller bruke fagkunnskapen i andre yrkessamanhengar der ein treng kompetanse i norsk. Det gjeld mellom anna informasjonsarbeid og arbeid i presse og forlag. Kulturperspektivet gir eit nyttig grunnlag for arbeid på internasjonalt og tverrkulturelt nivå.
Oppbygging og gjennomføring: Studiet er sett saman av fire emne på 15 studiepoeng kvar, to i språkkunnskap og to i litteraturkunnskap. Både den språklege og litterære delen av studiet har eit strukturelt og eit kulturelt perspektiv. - Emne 101: Språket som struktur - Emne102: Språket som kultur - Emne103: Tekst og struktur - Emne104: Tekst og kultur
Ein kan ta delar av studiet, men for å få fullt årsstudium, må ein ta eksamen i alle fire emna. Ein kan også få årsstudium om ein kombinerer to emne, eitt språkleg og eitt litterært, med 30 studiepoeng frå norsk i lærarutdanninga (Norsk 1).
Kvart emne er sett saman av eit obligatorisk kjerneemne (10 stp) og eit særemne (5 stp) med større valfridom.
Kjernepensumet vert formidla gjennom førelesingar, særemna gjennom seminar. På seminara blir det lagt vekt på studentaktivitet i form av munnlege innlegg, deltaking i diskusjonar og oppgåveskriving med rettleiing.
Vegen vidare – jobb og studium: Årsstudium i norsk er svært nyttig som ein del av eller i tillegg til anna utdanning eller yrkeserfaring. Studiet høver mellom anna godt som grunnlag for vidare studium innanfor t.d. media/informasjon og journalistikk. Kulturperspektivet i studiet gir dessutan eit nyttig grunnlag for arbeid på internasjonalt og tverrkulturelt nivå.
Studiet kan inngå som fordjupings- eller valfritt emne i bachelorgradene:
Kultur og litteratur, Språk, kommunikasjon og media og Historie, kultur og samfunn ved HVO eller i andre bachelorgrade ved HVO, i Noreg og i utlandet.
Studiet dannar grunnlag for vidare påbyggast med emne frå 200- nivået i norsk, og med sin særeigne kulturprofil er studiet også eit godt startpunkt med tanke på seinare mastergradsstudium i nynorsk skriftkultur.
Om du ønskjer å undervise, kan norsk inngå i fagkretsen til studentar som set saman si eiga lærarutdanning med Praktisk-pedagogisk utdanning (PPU) på toppen. Det er viktig å vere merksam på at for å få undervisningskompetanse må ein velje fag og fordjuping som er nemnde i læreplanen for det skuleslaget ein ønskjer å arbeide i.
Norsk 1 30 stp Halvårsstudium Dette er ein obligatorisk del av den 4- årige allmennlærarutdanninga. Studiet tilsvarar første del av norsk årsstudium.
Norsk 2 30 stp Halvårsstudium Studia byggjer på Norsk 1 (30 stp) eller tilsvarande. Norsk 2 er eit tilbod for studentar som har teke Norsk 1 (grunnutdanning) i lærarutdanninga og som ønskjer vidareutdanning i norsk.
Studiet gir undervisningskompetanse i skuleverket og kan inngå i ei lærarutdanning. Studiet tilsvarar også andre del av norsk årsstudium og kvalifiserer for opptak til norsk fordjupingsemne (200-emne) og Norsk 3 (det 3. påbygningsemne i lærarutdanninga). Høgskulen i Volda har fleire tilbod i norsk 2 ein kan velje mellom:
- Halvårsstudium i språk og litteratur, 100- emne (30 stp)
- Halvårsstudium i lese- og skriveopplæring, barne- og mellomsteget, 100- emne (30 stp)
- Halvårsstudium i lese- og skriveopplæring, ungdomssteget, 100- emne (30 stp)
- Halvårsstudium i nynorsk som sidemål, 100- emne (30 stp)
Språk og litteratur 30 stp Halvårsstudium
Kort om studieprogrammet: Halvårsstudiet i språk og litteratur legg opp til ein sterkare historisk profil enn det Norsk 1 har. Studentane skal arbeide sjølvstendig og medvite med norsk som vitskaps- og skulefag. Studiet skal gje studentane auka innsikt i kulturelle og didaktiske sider ved norskfaget, og i tilhøvet mellom teori og praksis.
Oppbygging og gjennomføring: Studiet er sett saman av to emne på 15 studiepoeng kvar, eitt i språkkunnskap og eitt i litteraturkunnskap. Arbeidsformene varierer mellom førelesingar, seminar, gruppearbeid og individuell fordjuping. Det vert lagt vekt på at studentane skal arbeide sjølvstendig med fagstoffet.
Lese- og skriveopplæring 30 stp Barne- og mellomsteget Halvårsstudium
Kort om studieprogrammet: Gjennom studiet skal studentane utvikle kunnskap om ulike teoriar og ulik praksis knytt til grunnleggjande lese- og skriveopplæring. Dei skal tileigne seg kunnskap om stimulering og utvikling av gode lese- og skriveferdigheiter. Det vert lagt vekt på å utvikle kunnskap om korleis ein førebyggjer og kartleggjer lese- og skrivevanskar. Didaktisk refleksjon omkring IKT i undervisningssamanheng vil stå sentralt i studiet.
Oppbygging og gjennomføring: Studiet er organisert i tre hovudområde: - IKT og språkleg samhandling (7,5 stp) - Utvikling av lese- og skrivekompetanse (15 stp) - Lesing og skriving i ulike sjangrar (7,5 stp) Studiet er nettbasert med fem samlingar, og studiet går over eitt studieår. På samlingane vil arbeidsformene variere mellom forelesingar og seminar. Mellom samlingane arbeider studentane individuelt og i grupper. Det vert lagt vekt på skape eit virtuelt læringsmiljø der studentane lærer seg deltaking og samhandling, og der nettbaserte diskusjonsgrupper står sentralt.
Lese- og skriveopplæring 30 stp Ungdomssteget Halvårsstudium
Kort om studieprogrammet: Studentane skal gjennom dette programmet utvikle eit teoretisk og didaktisk grunnlag for å undervise i lese og skriving på ungdomssteget.
Oppbygging og gjennomføring: Studiet er sett saman av to emne på 15 studiepoeng kvar, eitt i språkkunnskap og eitt i litteraturkunnskap. Arbeidsformene varierer mellom førelesingar, seminar, gruppearbeid og individuell fordjuping. Det vert lagt vekt på at studentane skal arbeide sjølvstendig med fagstoffet. I forjupingsdelen av studiet vert det lagt vekt på studentaktive læringsformer i form av munnlege innlegg og oppgåveskriving med rettleiing.
Nynorsk for lærarar 30 stp Halvårsstudium
Kort om studieprogrammet: Nynorsk for lærarar vert tilbode som nettstudium for studentar frå heile landet. Studiet kan takast som ei vidareutdanning for lærarar, som påbyggingsstudium for lærarstudentar og emne i eit fagstudium i norsk. Studentane skal arbeide sjølvstendig og medvite med nynorsk som sidemål. Studiet skal gje studentane auka innsikt i kulturelle og didaktiske sider ved norskfaget, og i tilhøvet mellom teori og praksis. Opptakskrav til studiet er generell studiekompetanse/realkompetanse.
Oppbygging og gjennomføring: Studiet er sett saman av to emne på 15 studiepoeng kvar: Nynorsk som sidemål 1 - 15 stp Nynorsk som sidemål 2 - 15 stp
I Nynorsk som sidemål 1 vil ein leggje vekt på nynorsken slik han fungerer i dagens samfunn, gjennom emne som i) grunnlaget for nynorsken, ii) det nynorske språket, ii) den nynorske teksten, iv) medie/IKT og nynorsk, iv) didaktisk nynorsk. I dette emnet vil det didaktiske perspektivet stå sentralt.
I Nynorsk som sidemål 2 vil bakgrunnen og føresetnadene for den norske språksituasjonen stå sentralt, gjennom emne som i) den nynorske konteksten, ii) tale og skrift, iii) den sosiokulturelle dimensjonen ved nynorsken. Også i dette emnet vil medie/IKT og nynorsk og sidemålsdidaktikk vere viktige delar av studiet. Studiet skal formidlast gjennom lesing av pensum, sjølvstudium og skriftleg refleksjon over dette. Deltakarane vil få rettleiing og vurdering frå lærarar, og produkta, som vert lagde i mappe for endeleg vurdering, skal vere resultat av ein prosess der også medstudentar har vore rettleiarar. Det vert lagt vekt på at studentane skal arbeide sjølvstendig med fagstoffet.
Norsk (nordisk) 30 stp (15+15 stp) fordjupingsemne, 200-nivå
Kort om studieprogrammet: Fordjupingsemne i norsk gir ei spesialisering i moderne emne innafor språk og litteratur. Og ei vidareutvikling av teoretisk kunnskap og analytisk praksis. Gjennom studiet skal studentane setje seg inn i avgrensa felt i språk og/ eller litteratur. Krava til teori og analyse vil vere høgre enn på 100-nivå.
Opptak: Opptaksgrunnlag er fullført norsk årsstudium eller tilsvarande. Søknad på lokalt opptaksskjema både i vår og haustsemesteret.
Oppbygging og gjennomføring: Studiet er sett saman av eit språkleg og eit litterært emne, kvar på 15 studiepoeng. Begge emna gir ei fordjuping i eit avgrensa emne. Haustsemesteret 2004 vil det bli gitt undervisning i to fordjupingsemne, eitt litterært og eitt språkleg.
Fordjupingsemna kan vere: Språk
Emne 201: Nynorsk skriftkultur (15 stp) Emne 202: Barne- og ungdomsspråk (15 stp)
Litteratur Emne 203: Livshistorier: Biografi og roman (15 stp) Emne 204: Litteratur og sjukdom (15 stp)
Undervisninga vert i hovudsak gjeve i form av førelesingar og seminar. Det er ein føresetnad at studentane tek aktivt del i undervisninga gjennom eigne innlegg, respons på andres innlegg og deltaking i diskusjonar. Parallelt med undervisninga arbeider studenten med ei skriftlege oppgåve(semesteroppgåve) i kvart emne.
Norsk 3 30 stp 200-nivå
Kort om studieprogrammet: Dette er det tredje fordjupningsemnet i lærarutdanninga. Studiet byggjer vidare på Norsk 2, Lese og skriveopplæring. Hovudvekta ligg på nyare lingvistisk, litteraturvitskapleg og fagdidaktisk teori og debatt.
Oppbygging og gjennomføring: Studiet vil gi høve til to fordjupingsemne, til vanleg vil det vere eit emne med språkleg og eit emne med litterær orientering. Tyngda av undervisninga vil ligge i haustsemesteret og vere felles med fordjupingsstudiet i norsk. I vårsemesteret skal studentane skrive ei semesteroppgåve. Her får studenten høve til å bruke forskingsmetodar som er relevante innanfor vitskapsfaget norsk og andre humanistiske fag. Desse vil variere mellom førelesingar, seminar- og gruppeprega aktivitetar og individuell fordjuping med rettleiing.
Norsk 3 30 stp Lese- og skriveutvikling
Kort om studieprogrammet: Målet for studiet er å utvikle studentane sine evne til å stimulere lese- og skriveutvikling hos barn- og unge. Studentane vil få innsyn i ulike sider ved lese- og skriveutviklinga i skulen. Studiet set lesing og skriving inn i eit kultur- og danningsperspektiv, og det skal gi studentane innsikt i sentrale teoriar om lesing og skriving, om tekst og diskurs og om språk og sjanger. Ein ser på samanhengar mellom lesing og skriving, lese- og skriveprosessar og ulike former for lese- og skrivevanskar. IKT som lærings- og kommunikasjonsmedium står sentralt i studiet.
Oppbygging og gjennomføring: Studiet er nettbasert med fire – fem samlingar på om lag to dagar, og studiet går over eitt år. På samlingane vil arbeidsformene variere mellom forelesingar og seminar. Mellom samlingane arbeider studentane individuelt og i grupper, Fagstoff og oppgåver vert drøfta på nettet med andre deltakarar og faglærarar. Gjennom kurset skjer ein løpande diskusjon om teoriar og metodar knytt til eit klasseromsprosjekt, som er ei avgrensa undersøking om barn og unges utvikling av lese- og skrivekompetanse.
|