|
Studieprogrammet gir ei brei innføring i samfunnsvitskapleg metode og samfunnsvitskaplege disiplinar.

Kort om programmet: Samfunnsvitskap årsstudium skal gi studentane øving i praktisk prosjektarbeid, med førebuing, feltarbeid med datainnsamling og analyse, rapportskriving og presentasjon av resultat. Programmet er identisk med første studieår ved bachelor i planlegging og administrasjon.
Kva lærer du: Studieprogrammet gir innføring i følgjande emne:
Samfunnsgeografi - Emnet skal gi grunnleggande kunnskap om lokale og regionale planleggings- og utviklingsprosessar. Miljøperspektivet står sentralt. Eit viktig utgangspunkt vil vere romlege studiar av variasjonar og samanhengar mellom samfunnsforhold, miljøforhold og naturforhold.
Sosiologi - Emnet skal gi grunnleggjande innsikt i sosiologisk analyse av samfunn på ulike nivå. Då trengst det kunnskap om generell sosiologisk teori og metode. Målet er spesielt å utvikle forståing for livsløpstilnærmingar og regionalsosiologiske perspektiv.
Statsvitskap og organisasjonsteori - Emnet skal gi innsikt i og reiskapar til å analysere offentleg verksemd gjennom studiet av hovudtrekk ved politiske og administrative strukturar og prosessar lokalt, nasjonalt og internasjonalt.
Økonomi – Emnet skal gi grunnleggjande kunnskap i samfunnsøkonomi, og bruk og utdjuping av denne kunnskapen med sikte på å forstå meir av verkemåten til, utviklingspotensialet for og samspelet mellom regionar, næringsliv og kommunar.
Oppbygging og gjennomføring:
1. semester - haust: - Samfunnsgeografi 15 stp - Sosiologi 15 stp
2. semester - vår: - Statsvitskap og organisasjonsteori - Økonomi
Lokalsamfunnsanalyse er eit tverrfagleg prosjektarbeid der studentane får ei øving i å førebu, gjennomføre og presentere resultat av eit analysearbeid som byggjer på feltarbeid.
Krav til rekkjefølgje og spesialisering: Kvart dei fire undervisningsemna kan takast separat, og i fri rekkjefølgje. Deltaking i Lokalsamfunnsanalyse føreset at studenten har fylgt alle 4 emna som ligg til årsstudiet.
Vegen vidare – jobb og studium: Studiet er svært nyttig som ein del av eller i tillegg til anna utdanning eller yrkeserfaring. Studiet er relevant i til dømes for journalist - og informasjonsutdanning eller andre utdanningar som krev at studentane har god samfunnsorientering.
Årsstudium i samfunnsvitskap kvalifiserer for opptak til 2. året ved Bachelor i planlegging og administrasjon.
|