|

Kort om programmet: Studiet skal gje studentane solid øving i å bruke tysk språk både skriftleg og munnleg. Det vert lagt stor vekt på øvingar i praktisk tysk. Samstundes skal studentane få innsikt i tysk grammatikk, litteratur og kulturkunnskap. Dette skal gjere dei kvalifiserte til å arbeide vidare med stoffet på eiga hand og til å studere tysk på eit høgare nivå.
Kva lærer du: Føremålet med grammatikkundervisninga er å gje studentane sikre kunnskapar i moderne tysk morfologi (formlære) og syntaks (studiet av bygnaden av språklege heilskapar og tilhøvet mellom dei), gjere dei kjende med sentrale grammatiske omgrep, auke innsikta deira i strukturen i tysk og øve opp evna til språkleg analyse. Studiet i praktisk tysk har som mål at studentane skal øve opp evna til å forstå og uttrykkje seg munnleg og skriftleg på tysk i ulike brukssamanhangar. I tillegg til å trene opp praktisk språkkunnskap gjennom omsetjingsøvingar vil ein formidle interkulturell forståing av tysk-norske kultursamanhangar gjennom samtaleøvingar på grunnlag av oppgåvetekstar. Litteraturstudiet har på den eine sida som mål å auke forståinga for tysk litteratur ved seminar, øvingar og oppgåver over litterære tekstar. På den andre sida skal det også gi innsyn i tysk kulturkunnskap og støtte opp om undervisninga i praktisk tysk, skriftleg og munnleg. Studieemnet kulturkunnskap skal gi ei innføring i kulturen i dei tyske regionane og gi auka forståing av dei bileta tyskarar og nordmenn har av seg sjølve og kvarandre. Ein søkjer å gi innsikt i dei to hovudområda Tysk kultur og identitet og Endringsprosessar i dagens Tyskland.
Oppbygging og gjennomføring:
Studiet er sett saman av fire modular på 15 studiepoeng kvar: Tysk 101: Grammatikk I / praktisk tysk I Tysk 102: Litteratur I / kulturkunnskap I Tysk 103: Grammatikk II / praktisk tysk II Tysk 104: Litteratur II / kulturkunnskap II
Eit opphald ved Det norsk-tyske studiesenteret i Kiel (DNSZ ved Christian-Albrechts-Universität zu Kiel) er del av grunnfaget.
Organisering og arbeidsformer: Undervisninga av I-emna er lagd til hausten, av II-emna til våren. II-emna byggjer på tilsvarande I-emne. Faget er spesielt tilrettelagt for fjernstudentar (med IKT-støtta undervisning). Studentane får tilbod om praksis i skulen. Som alternativ til skulepraksis vil ein tilby ei innføring i interkulturell kommunikasjon. Med praksis i tillegg til fagdidaktikken er faget godkjent som årsstudium i lærarutdanninga.
Vegen vidare – jobb og studium: Årsstudium i tysk er ein svært nyttig komponent i ei utdanning, eller eit nyttig tillegg til anna utdanning eller yrkesrøynsle. Studiet kan til dømes vere fordjupings- eller valfritt emne i dei tre bachelorgradane Kultur og litteratur, Språk, kommunikasjon og media og Historie, kultur og samfunn ved HVO. Ynskjer du å undervise, kan Tysk verevalfritt emne i allmennlærarutdanninga eller inngå i fagkrinsen til studentar som set saman si eiga lærarutdanning med Praktisk-pedagogisk utdanning (PPU) på toppen.
Utanlandsopphald: Ei samarbeidsavtale med Albert-Ludwigs-Universität Freiburg (Erasmusavtale) opnar for at tyskstudentar ved HVO kan reise til Universitetet i Freiburg etter avslutta grunnstudium og studere der eitt semester (30 stp). Utanlandsstudiet vert godkjent som fordjuping. Talet på studieplassar er førebels avgrensa.
|