Skriv ut Sideoversikt |  


Avdelingar og fagmiljø
- Kulturfag
- Mediefag
- Humanistiske fag
og lærarutdanning
- Samfunnsfag og
historie

Biblioteket
Internasjonalisering
Studentsamskipnaden
Ivar Aasen-instituttet
Nynorsksenteret


For søkjarar / Studietilbod /

Nynorsk skriftkultur (Master), 2 år - 120 stp

Masterstudiet i nynorsk skriftskultur er nytt og eineståande i Noreg. Studiet er utvikla ved Ivar Aasen-instituttet ved Høgskulen i Volda. I studieprogrammet vert det lagt vekt på skriftkulturen allment, samstundes som det nynorske eksemplet vert brukt for å vise korleis menneska har forma skrifta, og skrifta har forma menneska.

Kort om programmet:
Mastergraden er eit toårig studium tilsvarande 120 studiepoeng. Den skriftlege masteroppgåva står sentralt, og ho utgjer 60 studiepoeng. Dei resterande 60 studiepoenga er fordelte på to innføringsemne på 15 studiepoeng kvar, og to valemne på 15 studiepoengkvar.

Kva lærer du:
Master i nynorsk skriftkultur er eit kulturstudium. Studiet formidlar innsikt i skriftkulturen generelt, og i den nynorske skriftkulturen særskilt. Det vert brukt ulike fagdisiplinar. Dei mest aktuelle er språkvitskap, historie, litteraturvitskap, mediekunnskap, sosiologi, antropologi, filosofi og pedagogikk. Ved å bruke desse disiplinane vil studentane også få innsikt i kva som karakteriserer deira måte å gripe røyndomen på.

Opptak:
Som hovudregel gir oppnådd cand. mag.-/bachelorgrad grunnlag for opptak til mastergraden. Søkjarar til mastergraden må kunne dokumentere avslutta mellomfagseksamen/90 studiepoeng i eitt av følgjande fag eller tilgrensande fagområde: Etnologi, filosofi, historie, idéhistorie, kulturvern og kulturformidling, lingvistikk, litteraturvitskap, medievitskap, norsk/nordisk, pedagogikk, sosialantropologi, sosiologi, statsvitskap.

Oppbygging og organisering:
Mastergraden i nynorsk skriftkultur går normalt over to studieår på full tid, men det vert lagt til rette for studentar som vil ta studiet over lengre tid.

Undervisninga er organisert i tre vekesamlingar pr. semester.

Studiet er lagt opp med tanke på at studentane skal kunne konsentrere seg om masteroppgåva. Dette vil dei kunne gjere ved Ivar Aasen-instituttet. Det kan likevel vere ønskjeleg å opphalde seg i ein periode ved ein annan institusjon for å få eit anna perspektiv på studiet.

Det er det høve til t.d. ved Nynorsk kultursentrum, etter nærmare avtale.

Innføringsemne og valemne:

Emne A: Nynorsk skriftkultur
Målet med emnet er
- å gi eit oversyn over skriftkulturens teori og historie
- å gjere greie for nokre av dei viktigaste særdraga ved den nynorske skriftkulturen, sett i forhold til andre skriftkulturar.

Emne B: Vitskapsteori og -metode
Målet med emnet er
- å gi ei innføring i ei rekkje sentrale vitskapsteoretiske omgrep, tradisjonar og posisjonar
- å ta opp til drøfting ulike metodar frå både humanistiske og samfunnsvitskaplege
forskingstradisjonar

Valemna:
Vi tilbyr 7 valemne. Kvar student skal velje to valemne, kvart på 15 stp. Det vil bli undervist i emnet Nynorsk skriftmål: Norm og bruk annakvart år. Dei andre valemna vil veksle frå år til år, slik at vi underviser i to av dei om gongen.

I. Målreisingar og språkplanlegging
- i komparativt perspektiv
Undervisning i vårsemesteret ´04. Målet med emnet er ei innføring i det nynorske skriftspråket med vekt på den
rolla det har som grunnlag for den nynorske skriftkulturen.

II. Den nynorske teksten
- om sjanger, institusjon og norm Målet med dette emnet er å arbeide med ulike typar nynorske tekstar.

III. Kollektive identitetar
- om overnasjonale, nasjonale regionale og lokale identitetsdanningar

IV. Danning
- om folkeopplysning, folkedanning og folkelege elitar.
Målet med dette emnet er å studere:
- idéhistorisk bakgrunn og samfunnsmessige føresetnader for opplysningsverksemd og danning
- utdanningssystemet og den nynorske danninga sitt bidrag og sine vilkår i dette systemet
- nynorsken og institusjonalisering av opplysningsverksemd og danning
- framveksten av kunnskaps- og lærdomskulturar i samband med opplysningsverksemd og danning med fokus på det nynorske

V. Nynorsk skriftmål: Norm og bruk
Målet med dette emnet er
- å gi ei innføring i premissane for den nynorske norma,
- å gi øving i og refleksjon kring eigen språkbruk, og
- å drøfte måtar å formidle nynorskkunnskap på i skulen.

VI. Nynorsk filosofisk skriftkultur
Målet med dette emnet er
- å gi eit oversyn over det som finst av nynorsk filosofisk skriftkultur, medrekna filosofi omsett til nynorsk
- å gi innsyn i dei emna som blir omtala, med plassering i høve til norsk og internasjonal tenking elles
- å sjå på dei ulike språklege grep i desse tekstane, med vekt på sjanger og stil.

VII. Nasjonale identitetar
- (Historiemodul Hi301: Kultur, identitet
– nasjon, region, teoripensum).

Målet med dette emnet er å studere:
- Det globale perspektivet – med vekt på bondesamfunnet
- Nasjonalisme og nasjonar – Europa og europeiske regionar
- Norske regionar og kulturkontakt. Nordiske kontrastar, Kulturkontakt.
- Norsk nasjonal identitet. Nasjonsbyggingsproblematikken. Kva er norsk identitet?
- Norske regionar. Regionale kontrastar. By og land. Regional identitet. Regionale kontrastar og mangfald
- Etnisitet - norske forhold

Utanlandsopphald:
Ivar Aasen-instituttet samarbeider med ei rekke institusjonar. Dersom dei ønskjer det, vil studentane kunne leggje tredje semesteret til éin av partnarinstitusjonane våre i Noreg eller i utlandet.

Vegen vidare- jobb og studium:
Master i nynorsk skriftkultur kan gi undervisningskompetanse, avhengig av kva andre fag studenten har i fagkrinsen. Studiet gir brei kulturkompetanse og kvalifiserer for arbeid i fagstillingar ved museum, i offentleg og privat kultursektor, i kulturadministrasjon og ved kulturformidlingsinstitusjonar. Kulturinstitusjonar av typen Nynorsk kultursentrum, Det Norske Samlaget, NRK, forlaga, pressa og jamvel reiselivsverksemder, særleg i nynorskdistrikt, er særleg aktuelle avtakarar av uteksaminerte kandidatar. Fullført mastergrad gir høve til å søkje om opptak ved doktorgradsprogram.

Overgangsordningar/innpassing:
Har du tidlegare fullført fag som inngår i studieprogrammet eller har tilsvarande kompetanse, kan du søkje om innpassing. Det er utarbeidd retningsliner for innpassing av relevante storfag til studiet. Utdanning som ikkje er avslutta, vil ikkje bli godkjend.

 



Skriv ut  Skriv ut
Oppdatert av Vidar Seland 05.04.2004
Publisert med NetEd : Web publiseringsløsning