|
Studieprogrammet gir høg yrkesretta kompetanse i planlegging og utviklingsarbeid i samfunn og organisasjonar. Erfaringane viser at studiet passar for planleggarar, personar med bakgrunn frå offentleg forvaltning, sosionomar, barnevernspedagogar, lærarar og andre med økonomisk-administrativ og/eller samfunnsfagleg bakgrunn. Alle emna (med unntak av Forskingsmetode og Masteroppgåve) kan takast som frittståande vidareutdanning.

Kort om programmet: Mastergrad i samfunnsplanlegging er ei toårig yrkesretta vidareutdanning for personar med grunnutdanning i samfunnsplanlegging eller andre yrkes- eller profesjonsutdanningar, og som arbeider som planleggjarar eller leiarar. Det vert lagt vekt på at plan- og utviklingsarbeid skjer i samhandling (partnarskap) mellom offentleg, privat og frivillig sektor i kommunikative og gjennomsiktige prosessar. Utdanninga kan takast på heiltid eller deltid.
Kva lærer du: Studiet gir eit djupare teoretisk fundament og ei meir kritisk forståing av teoriar om og metodar for leiing av plan- og utviklingsarbeid i samfunn og organisasjonar. Du får teoretisk og metodisk innsikt i forskings- og utgreiingsarbeid som grunnlag for utarbeiding av masteroppgåva.
Opptak: Opptak til den 2-årige mastergrada eller til enkeltemne skal søkjast på lokalt søknadsskjema. Det blir skilt mellom fire opptaksgrupper. Dei tre første gruppene gjeld opptak til heile masterstudiet:
Gruppe 1: Minimum tre år høgare utdanning med minst 80 stp i samfunnsfag/ samfunnsplanlegging. Døme på slike utdanningar er bachelorprogram innanfor samfunnsplanlegging, arealplanlegging, økonomi og administrasjon, administrasjon og leiing, barneverspedagogutdanning, sosionomutdanning.
Gruppe 2: Minimum tre år anna høgare utdanning og minst to år relevant praksis frå samfunnsplanlegging. Døme på relevant praksis er toppleiar (t.d. rådmann) og leiar for ein sektor, stab eller institusjon i offentleg verksemd.
Gruppe 3: Med minst 50 vekttal eller 150 stp grunnutdanning og lang relevant praksis frå samfunnsplanlegging, kan ein søkje om opptak på grunnlag av realkompetanse.
Opptak til einskildemne i mastergradsstudiet: Søkjarar med anna 3 årig høgare utdanning kan takast opp til einskildemne i mastergradsstudiet. Dersom desse vil fullføre mastergraden, vil opptaket til metodeemne og masteroppgåve skje på grunnlag av karakterane som er oppnådde i dei valfrie og obligatoriske emna som inngår i studiet. Søkjarane blir prioriterte etter oppnådd gjennomsnittskarakter for dei gjennomførte emna som inngår i søkjaren sitt masterstudium. Talet på ledige plassar er avgrensa.
Oppbygging og gjennomføring: Mastergraden er på 120 stp, 75 av desse er obligatoriske og 45 er valfrie.
Obligatoriske emne: Offentleg organisering og leiing - 15 stp I dette emnet blir moderniseringa av offentlig sektor sett i lys av fleire perspektiv og nyare forsking. Målet er å gjere deltakarane til reflekterte leiarar med kompetanse til å tolke og analysere eigen situasjon og evne til kritisk og konstruktiv vurdering av ulike modellar og oppskrifter for organisering og leiing. Sentrale perspektiv er instrumentell versus kommunikativ rasjonalitet og aktørar versus strukturar. Desse perspektiva blir nytta til å drøfte samfunnstyring, demokrati, organisasjonsteori, organisasjonsutvikling, modernisering og leiing.
Regional planlegging og utvikling - 15 stp Målet med emnet er å gi eit felles teoretisk grunnlag som basis for dei andre emna som inngår i mastergradsstudiet. Emnet legg vekt på utfordringane som ulike lokale og regionale samfunn står ovanfor, analyse av evnene dei har til å svare på slike, og utvikling av strategiar og tiltak for å møte utfordringar. Emnet skal fungere som ein syntese av aktivt utviklingsarbeid og heilskapleg samfunnsplanlegging (sosial, kulturell, økonomisk og fysisk) med vekt på korleis ein praktisk kan stimulere og leie utviklings- og endringsprosessar i samfunn.
Forskingsmetode og masteroppgåve - 45 stp i haust og vårsemesteret Du vil her få vitskapsteoretisk og metodisk innsikt i forskings- og utgreiingsarbeid, som grunnlag for utarbeiding av masteroppgåva. Det vert lagt vekt på å nytte ulike teoretiske perspektiv og omgrep til å drøfte problemstillingar frå praksisfeltet. I undervisninga i forskingsmetode går ein grundig gjennom dei ulike fasane av forskingsprosessen: Temaval, utarbeiding av problemstilling, val av teoretiske perspektiv, litteratursøk, ulike innsamlings- og analysemetodar, språk og presentasjon.
Arbeidet med forskingsmetode er integrert i arbeidet med masteroppgåva. I masteroppgåva skal du dokumentere at du kan avgrense og presisere ei forskbar problemstilling, at du kan setje problemstillinga inn i ei teoretisk fruktbar ramme, og skaffe relevant empiri gjennom bruk av samfunnsvitskaplege metodetilnærmingar.
Valfrie, men sterkt tilrådde emne - 15 stp Ved HVO kan du velje frå ein meny av førehandsgodkjende emne. Emna er valfrie, men tre av dei er utvikla særskilt for mastergraden i samfunnsplanlegging, og vi rår deg til å velje minimum eitt av desse emna:
- Leiing og personalutvikling - Livsløp, velferd og planlegging - Samfunnsarbeid og prosessleiing
Andre valfrie emne - 15 stp - Helsepedagogikk og pasientinformasjon: Den kommuniserande helsetenesta - Lokalhistorie, teoripensum
Andre valfrie emne - 30 stp - Helsepedagogikk og pasientinformasjon: Den kommuniserande helsetenesta (del 1) og Opplæring og informasjon til pasientar og pårørande (del2) - Kriminalitetsførebygging - Lokalhistorie og nasjonale identitetar
Undervisninga er lagt opp med ein kombinasjon av førelesingar, gruppearbeid, presentasjon og drøfting i plenum m.m. Det er lagt vekt på praktiske øvingar med utgangspunkt i deltakarane sine eigne utfordringar. Undervisninga er organisert slik at emna eignar seg både for heiltids- og deltidsstudentar: Emna med 30 stp går over to semester og har 5-6 vekesamlingar med 4-5 undervisningsdagar. Emna med 15 stp går over eitt semester og har 3 vekesamlingar med 4-5 undervisningsdagar. Mellom samlingane er det sjølvstudium og høve til rettleiing gjennom telefon, brev eller e-post.
Vegen vidare - jobb og studium: Masterstudiet gir deg høg yrkesretta kompetanse i planlegging og utviklingsarbeid i samfunn og organisasjonar. Det inneber kompetanse til å utvikle og leie plan- og utviklingsarbeid. Fullført mastergrad gir høve til å søkje om opptak på doktorgradsprogram.
Utanlandsopphald: 45 stp i masterstudiet er valfrie. Det betyr at du kan legge inn eit utanlandsopphald i studiet ditt. Det er viktig å undersøkje at aktuelle emne held masternivå, og at dei kan godkjennast som valfri del av masterstudiet. IPA har kontakt med utdanningsinstitusjonar i Storbritannia og Irland, og du kan også få hjelp til å finne aktuelle studium i andre land. Overgangsordningar/innpassing av tidlegare
Utdanning/praksis: Tidlegare studentar ved HVO som har fullført ti-vekttalseiningar som no er oppgraderte til mastergradsnivå, kan få innpassa desse i mastegradsstudiet. Når det gjeld tidlegare gjennomførte ti-vekttalseiningar eller anna utdanning på masternivå frå andre høgskular og universitet, kan du søkje om å få desse innpassa. Dersom du har lang og spesielt relevant praksis innan samfunnsplanlegging og samfunnsarbeid, kan du søkje om å få denne godkjend som valfri eining på 15 eller 30 studiepoeng.
|