|
Spesialpedagogisk arbeid handlar om å utvikle og gjennomføre opplæring i eit samarbeid mellom ulike partar der spesialpedagogen vil ha ei sentral rolle. Det er generelt stort behov for spesialpedagogisk kompetanse i barnehage, grunnskule og vidaregåande skule.
Studiet gir innsikt i sentrale kunnskapsområde i spenningsfeltet mellom generell pedagogikk og spesialpedagogikk. Studiet førebur studentane for å utvikle og arbeide i ein inkluderande barnehage og skule. Ei særleg oppgåve er å ta vare på interessene til barn og unge med spesielle behov for hjelp og støtte. I studiet skal studentane skaffe seg kunnskapar som set dei i stand til å:
- vere fagleg kritisk analyserande og vurderande
- vere demokratiske i si haldning og handling
- legge til rette for fellesskap og aktiv deltaking for ei mangearta gruppe barn og unge i barnehage og skule
- gi ei opplæring som gjev best mogleg utbyte for kvar enkelt

Kort om programmet: Mastergraden i spesialpedagogikk er yrkesretta, og skal gi studentane ein brei praktisk og teoretisk kunnskap om og kjennskap til verksemda i barnehage og skule. Masterstudiet vil bygge på innhaldet og arbeidsmåtane i dei obligatoriske emna i dei ulike lærarutdanningane. For dei som har allmennlærarutdanning vil pedagogikk, praksis, den første lese- og skriveopplæringa, KRL (verdifaget), dei didaktiske og fagdidaktiske elementa i norsk og matematikk og dei frie faga studenten vel vere det grunnlaget masteren byggjer på. For førskulelærarar vil det tilsvarande grunnlaget vere pedagogisk teori og praksis og den fagdidaktiske orienteringa i dei obligatoriske faga.
Kva lærer du: Studiet skal utvikle: - Innsikt i historiske og reformpolitiske utviklingstrekk på det spesialpedagogiske arbeidsfeltet.
- Forståing av verdiar og ideologiar knytt til utdanning i eit historisk og samtidig perspektiv.
- Kunnskap om tilhøvet mellom individspesifikke, sosialt definerte og samfunnsskapte vanskar.
- Forståing av grenselandet mellom spesialpedagogikk og tilpassa opplæring.
- Kompetanse på arbeidsmåtar, tilrettelagt opplæring og praktisk-pedagogiske tiltak.
- Kunnskap om tverrfagleg og tverretatleg samarbeid.
- Endringskompetanse.
- Teoretisk og metodisk grunnlag for sjølvstendig arbeid med ei forskingsoppgåve.
- Trening i å vurdere kvalitet og relevans i forskingsarbeid.
Opptak: Primært er dette eit studium for dei som har gjennomført 3-årig bachelorstudium som førskulelærar, dei første tre åra av allmennlærarutdanning etter 2002, allmennlærar- eller førskulelærarutdanning frå før 2003 eller tilsvarande og lærarar med PPU. Etter særskild vurdering vil ein også kunne ta opp søkjarar med utdanning som barnevernspedagog, som vernepleiarar eller med anna relevant profesjonsutdanning til studiet.
Oppbygging og gjennomføring: Studiet er emnebasert. Heile eller delar av studiet kan gjennomførast både på deltid og heiltid. Studiet inneheld 7 emne. Det er ein føresetnad at studentane byrjar med emne 1, dei kan eventuelt ta dette parallelt med andre emne. Emna 6 og 7 skal gjennomførast til slutt. Emne 6 må vere avslutta med godkjent resultat før studenten kan ta til på emne 7.
- Emne 1: Overordna perspektiv på spesialpedagogisk arbeid, 15 stp - Emne 2: Utvikling og læring, 15 stp - Emne 3: Språk-, lese-, skrive- og matematikkvanskar, 15 stp - Emne 4: Leiing og åtferd, 15 stp - Emne 5: Analyse og tiltak, 15 stp - Emne 6: Vitskapsteori, metode og statistikk, 15 stp - Emne 7: Masteroppgåve, 30 stp.
- Detaljerte fagplanar for alle emna
Deler av undervisninga kan bli gjort obligatorisk. Dei konkrete ordningane for dette vil gå fram av emne- og semesterplanar som blir utarbeidde for kvart år.
Praksis: I emne 1 og emne 4 skal studentane gjennomføre eit feltarbeid i barnehage, skule, PP-tjeneste eller ved andre relevante institusjonar. Dette skal danne grunnlaget for det vidare studiearbeidet i emna. Det blir også krav om praktiske øvingar knytt til enkelte av emna. Detaljane om dette går fram av emneplanane for studiet. I masteroppgåva (emne 7) kan studenten granske spørsmål med direkte relasjon til praksisfeltet.
Vegen vidare – jobb og studium: Studiet vil særleg kvalifisere til m.a.: - spesialpedagogiske arbeidsoppgåver i barnehage, grunnskule og vidaregåande skule - arbeid i PP-tenesta - doktorgradsstudium
Utanlandsopphald: Det er høve for studentane å ta enkelte emne ved relevante miljø i utlandet. Det er etablert samarbeidsavtalar med utanlandske institusjonar om dette. Elles kan studentane etter nærare avtale med høgskulen også sjølve ta initiativ til utanlandsopphald.
Overgangsordningar/innpassing av tidlegare utdanning: Har du tidlegare fullført fag som inngår i studieprogrammet eller har tilsvarande kompetanse, kan du søke om innpassing.
|