|
Kristendomskunnskap med religion og livssynsorientering
Målgruppa er først og fremst allmennlærarar med utdanning frå før L-97 vart innført. Emna er særleg aktuell for dei som frå før berre har grunnutdanning, men også for lærarar med tidlegare vidareutdanning vil ho kunne gi aktuell fagleg og didaktisk oppdatering.

Kort om programmet: Studieprogrammet skal gi innføring i kristendomsfaget si historie i norsk skule fram til og med KRL-faget i L-97. Det vert lagt særleg vekt på det som er nytt i KRL-faget. Studentane skal få kunnskap om og forståing for Bibelen som historisk dokument og som grunnleggande kjelde for kristen tru og livstolking. Studiet skal gi oversyn over dei ulike skriftgruppene og sjangrane i Bibelen, og nokre skrifter skal lesast i samanheng. Vidare skal studentane arbeide med elementær tekstanalyse, og øve seg i å sjå bibeltekstene både i kulturhistorisk og bibelteologisk samanheng. Gjennom dette skal dei opparbeide kompetanse til sjølve å legge til rette for arbeid med bibeltekster i grunnskulen.
Oppbygging og gjennomføring: Studiet er lagt opp som fjernundervisning. Det vil seie at sjølvstudium vert hovudarbeidsforma i større grad enn ved ordinære høgskuletilbod. Studiet kan takast over to semester, og vert organisert etter ein fastlagd kalendar for utlegging av leksjonar og anna materiell på Internett. Studentane har kontakt med faglærarane gjennom fagforum på nettet.
|